(NPK-NTB): Norsk politi har fått ei rekkje meldingar knytte til selskap utanfor Noreg som blir svindla ved at dei trur dei kjøper produkt frå norske bedrifter.
– Svindlarane opprettar falske nettsider der dei bruker namna til ekte norske fiskeribedrifter og ofte òg namn til leiinga eller tilsette. Informasjonen på nettsida verkar truverdig, seier Marthe G. Birkeland, avsnittsleiar ved Økonomiavsnittet ved Vest politidistrikt, til .
Politiet har fått 40 meldingar, og fleire er arresterte. Kvitvaskarar er arresterte i fleire delar av landet.
– Problemet med nettsidene er at kontaktinformasjon ikkje stemmer. Tek ein kontakt, vil ein treffe på hyggjelege seljarar som har veldig gode tilbod på fiskeriprodukt, seier Birkeland.
Bedrifter frå Vestlandet er ofte brukte i bedragerisakene.
(©NPK)

Publisert: 08.07.2020 17:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26