Kort fortalt

Éin av ti har pengeproblem

Mange søv dårleg om natta.

27.04.2020
NPK: Nesten éin av ti norske hushald hadde økonomiske problem tre veker inn i koronakrisa, viser tal frå Sifo.
– Mange slit med å betale for mat og andre nødvendige utgifter, og ein god del søv dårleg om natta, seier forskar Christian Poppe ved Statens institutt for forbruksforsking (Sifo)/Oslomet til .
Tal frå Sifo viser at 192.000 husstandar i Noreg (8 prosent) hadde økonomiske problem tre veker etter at Noreg «stengde» 12. mars.
Ein del hadde truleg økonomiske vanskar allereie før pandemien slo til, men mange i gruppa opplevde også eit brått inntektsfall i mars. Det tyder på at fleire i gruppa har fått problem den siste tida.
Rundt 720.000 hushald vert rekna som «utsette» i undersøkinga. Dei slit med å betale rekningar av og til, og har lite eller ingen oppsparte midlar. Dei er derfor sårbare dersom ein eller fleire i hushaldet mister eller får redusert inntekta.

Publisert: 27.04.2020 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28