Kort fortalt

Økokrim kan sjå på fylkesgransking

Frp vil vurdere å melde saka.

27.03.2023

Geir Stenseth (Frp) seier partiet vil vurdere å be økokrim sjå på avsløringane kring selskapet Fylkeshuset, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

– Det er fleire ting som kjem fram i rapporten som vi meiner er svært alvorlege. Difor vurderer vi om nokon andre bør sjå på det som har kome fram. Over helga skal vi konkludere om vi skal kontakte Økokrim om dette, seier Stenseth.

Kontrollutvalet i fylkeskommunen får granskingsrapporten frå Deloitte på sitt bord torsdag denne veka.

Publisert: 27.03.2023 08:40

Sist oppdatert: 27.03.2023 08:40

Mer om