Kort fortalt

Ønskjer felles reiarlag for forskingsfartøy

Men Havforskingsinstituttet er skeptisk.

28.02.2018
NPK: Fleire utdanningsinstitusjonar ønskjer å seg eit felles reiarlag for norske forskingsfartøy, men Havforskingsinstituttet er skeptiske.
– Universitetet i Bergen (UiB) var det første universitetet i Noreg som sa at vi ønskte eit nasjonalt reiarlag. Det er openberre stordriftsfordelar å operere dette saman, fortel marin dekan Jarl Giske ved UiB til nettstaden
I dag er det slik at kvar enkelt institusjon, eventuelt i samarbeid med éin eller to andre institusjonar styrer fartøya. Andre institusjonar kan leige seg inn på eit fartøy om det er ledig kapasitet, men ofte er alle toktdøgna fullteikna av eigarane.
– Og det er stor skilnad på å sitte på utsida og vente til andre har bestemt kva tokt som skal gjennomførast, og å vere med på å planleggje tokta sjølv, seier Giske.
Heller ikkje rektor ved Universitetet i Tromsø (UiT) Anne Husebekk avviser tanken om eit felles reiarlag for forskingsfartøy.
Det gjer derimot den største aktøren på forskingsfartøy, Havforskingsinstituttet. Dei er skeptiske til ideen.
– Det første som vil bli utfordra om ein samlar ressursar er fartøystida Havforskingsinstituttet brukar til overvaking og forsking, trur Tore Nepstad, som jobbar med strategiske spørsmål på instituttet.

Publisert: 28.02.2018 14:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39