Ordførar Per Are Sørheim bad styret i Tussa om ekstraordinært utbytte i samband med eigarmøtet, ifølgje Møre-Nytt.
– Økonomien i kommunen er stram, og signalet frå Ørsta på eigarmøtet er å sjå på ekstraordinært utbytte, seier Sørheim til avisa.
Styret i Tussa Kraft avgjer storleiken på utbyttet, og eigarmøtet har ikkje mynde i saka.
Fleire kommunar er ifølgje avisa i same situasjon, mellom dei Volda. Likevel signaliserte nabokommunen at eit utbyte på 50 prosent av overskotet bør ligge fast, skriv avisa.
Publisert: 29.11.2024 16:16
Sist oppdatert: 29.11.2024 16:16