Ny jobb

Katrin Mork Hove

Nytilsett stipendiat på NTNU Ålesund.

01.09.2021
Katrin mork hove portrett

Katrin Mork Hove er ny tilsett stipendiat på NTNU i Ålesund som ein del av avtalen med Ålesund universitetskommune, melder NTNU på si nettside.

Stipendiatet er ved Institutt for helsevitenskap og eit viktig mål med forskinga er å utvikle ny kunnskap om tverrprofesjonell samhandling for pasientar med kreft.

Katrin Mork Hove er fersk som stipendiat, men har lang og allsidig erfaring som sjukepleier. Dei siste åra har ho vore rådgivar i medisinsk koding på avdeling for analyse- og klinikkstøtte på Ålesund sjukehus.

Publisert: 01.09.2021 11:41

Sist oppdatert: 06.09.2021 08:59

Mer om