Ny jobb

Tonje Alnes

Ny studiomanager for Ocean Sound Recordings.

15.02.2023
Tonje alnes Foto Ocean Sound 11

Tonje Alnes er tilsett som studio manager for Ocean Sound Recordings på Giske. Det melder musikkstudioet på Giske på Facebook.

Det Momentium-eide selskapet skriver at Alnes sine favorittsysler er å vere dj og organisere saker og ting, og at ho difor er ein «perfect fit». At ho kom frå ein familie med seglarar og fiskarar utelukka all tvil om at Alnes er den rette til jobben, ifølgje selskapet.

Ein av dei første oppgåvene hennar var å representere studioet på Trondheim Calling nyleg.

Publisert: 15.02.2023 21:46

Sist oppdatert: 15.02.2023 21:48

Mer om