OPPMODAR OM TESTING: Smittesporing har vist at det truleg var smitteførande personar til stades på Mølla Pub om kvelden fredag 30. juli og laurdag 31. juli. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund-pub stengt – ber gjestar teste seg

Meldt om fem nye smittetilfelle.

Marius Rosbach
05.08.2021

Ålesund kommune har i løpet av torsdag formiddag fått meldt fem nye smittetilfelle.
Smittevegen er kjend for tre av dei, og ein har testa i innreise og har ingen nærkontaktar,.

Smittesporing har ført til at besøkande på Mølla Pub 30. og 31. juli må teste seg.

-Alle som var til stades på Mølla desse to kveldane vert oppmoda om å teste seg og ha minst mogeleg kontakt inntil dei får negativ test. Dersom du har symptom, MÅ du ta ein test og gå i karantene inntil svar føreligg, seier kommuneoverlege Olav Mestad i ei pressemelding.

Serveringsstaden held stengt til over helga.

Det har vore auka smitte i Ålesund den siste tida, og kommunen har vore uroa over at mange unge vaksne blir smitta.

Publisert: 05.08.2021 16:42

Sist oppdatert: 06.08.2021 09:20

Mer om
Annonsørinnhold