Vigra montasje tor hånde foto ogne kjetil 11
VIGRA: Lufthamnsjef Tor Hånd på Vigra trur konsekvensane av dårlegare tilbod, blir verre for mindre flyplassar. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaug
Nytt

Flyanalytikar trur Vigra vil vere mellom taparane

Lufthamnsjefen trur pandemien har endra arbeidsreisinga, men ser også moglegheiter.

04.08.2021

Sjølv om stadig fleire flyg igjen, vil flytilbodet bli dårlegare framover. Det er dei mellomstore flyplassane som blir hardast ramma, trur flyanalytikar Hans Jørgen Enæs.

– Det vil nok bli dårlegare tilbod mange stader enn det vi har vore vande til, seier han til NRK.

Ålesund, Molde og Kristiansund på «taparlista»
Analytikaren trur flyselskapa ikkje lenger vil ha råd til å flyge ruter som ikkje er lønnsame, og at fokuset innanriks vil vere på dei store byane Oslo, Bodø, Tromsø, Bergen og Stavanger.

Flybransjen i krise

Pandemien har ramma flybransjen hardt.

SAS har vorte tvinga til å seie opp 5.000 tilsette, og Norwegian har vore i krise og nær konkurs. Før hadde flyselskapet 150 fly, no har dei berre 51.

Ifølgje Avinor vil flytrafikken truleg ikkje vere tilbake til normale nivå før i 2024.

Omprioriteringa vil gå utover flytilbodet på mellomstore flyplassar som Ålesund, Molde, Haugesund, Kristiansund, Kirkenes, Kristiansand, Alta og Evenes, meiner Enæs.

Ein kan ikkje gå i protesttog for eit tilbod om ikkje etterspurnaden er der
Tor Hånde

Vigra-sjefen: – Likt for alle
Lufthamnsjef Tor Hånde ved Vigra-flyplassen er ikkje usamd i spådommane, og meiner det er «rein fornuft».

– Og eg meiner det blir likt for alle. For både små og store flyplassar, er det etterspurnaden som avgjer, seier Hånde til NETT NO.

Unntaket er naturleg nok ruter som blir støtta av staten.

– Når flyselskapa ikkje lengre får den statsstøtta dei har i dag, vil tilbodet truleg bli redusert. Ein kan ikkje gå i protesttog for eit tilbod om ikkje etterspurnaden er der, legg han til.

Verre for mindre flyplassar
Vigra-sjefen trur likevel at færre ruter vil slå verre ut for mindre flyplassar.

– Jo færre avgangar ein har, jo meir sårbare vil ein vere. Konsekvensen blir større for ein flyplass som må gå frå ni til seks Oslo-avgangar til eksempel. Å gå frå 25 til 20 avgangar gjer ikkje like stort utslag, seier Hånde.

I vårt distrikt er det også mange som reiser verda rundt for å reparere båtar til dømes. Det kan ein ikkje gjere via Teams
Tor Hånde

Trur på oppgang på fritid
Flyplassjefen er spent på korleis trafikken vil utvikle seg i kjølvatnet av pandemien. Han reknar med at ein del arbeidsreiser, som kortare turar til Oslo for møter, vil forsvinne.

– Det er billegare og meir effektivt å gjere digitalt, men i vårt distrikt er det også mange som reiser verda rundt for å reparere båtar til dømes. Det kan ein ikkje gjere via Teams, påpeiker han.

Hånde har også tru på at Ålesund-flyplassen kan vekse på fritidsreiser.

– Etter kvart som det blir enklare å reise og smitten går ned i Europa, trur eg fritidsmarknaden vil ta seg opp, legg han til.

Dei siste vekene har flytrafikken på Vigra teke seg opp, samanlikna med 2020. Men nivået er framleis betydeleg under talla frå 2019 – før pandemien råka.

Publisert: 04.08.2021 14:21

Sist oppdatert: 04.08.2021 14:31

Mer om