Smutthullet pub foto marius
SENTRUMSPUB: Harald Solvang er no dagleg leiar ved Smutthullet Pub, etter at mangeårig innehavar Arild Gjøsund gav seg for eit par år sidan. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ålesund-pub i pluss tross korona

Men hadde lågaste omsetning på ti år.

Marius Rosbach
03.08.2021

Smutthullet Pub i Ålesund klarte å kome i balanse i fjor, trass koronautfordringar. 2020-rekneskapet viser samtidig at verksemda hadde den lågaste omsetninga på ti år.

Pub-selskapet blei starta opp for heile 25 år sidan. Dei siste åra har omsetninga vore stabil på drygt seks millionar.

Trass periodar med stengte dørar grunna koronapandemien, kunne Smutthullet notere 5,4 millionar i inntekter i løpet av det vanskelege fjoråret. Drifta enda også med eit lite overskot (sjå tabell under).

Smutthullet Pub
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 5,4 6,3
Driftsresultat 0,1 0,5
Res. før skatt 0,1 0,5

Ålesund-puben fekk kontantstøtte frå staten på nær 160.000 kroner for inntektssvikt i mars, april og mai i fjor, ifølgje innsynsordninga til Skatteetaten.

Smutthullet sysselsette fem årsverk i fjor. Samla eigenkapital på kring 1,1 millionar kroner, og gjelda var på drygt 800.000 kroner ved utløpet av fjoråret, viser årsrapporten.

Publisert: 03.08.2021 13:49

Sist oppdatert: 03.08.2021 14:02

Mer om