
Ålesund-studentane skal bli meir synlege
Godt over 1000 studentar har kome til byen. Det skal merkast framover.
I overkant av 1100 nye studentar møtte måndag til immatrikulering ved NTNU i Ålesund. I tillegg møtte kring 300 studentar frå fagskulen og kunstfagskulen.
Leiar Ingrid Osvoll Skodjevåg i Ålesund studentsamfunn var mellom dei som helsa studentane velkomen. Dei komande vekene skal ho og andre frivillige stå på stand og vere mest mogleg tilgjengeleg for dei nye studentar på campus.
– Vi ønsker at det skal vere ein låg terskel for å kome bort til oss og seie «hei». Mykje dreiar seg om å vere frampå og prate med folk, seier ho til Nett No.
Mål om å bli meir synlege
Etter at studentsamfunnet har jobba mykje med å kome på plass og ta i bruk Sundebygget dei siste par åra, blir det meir merksemd kring prosjektarbeid i år.
Målet er at studentmiljøet skal bli meir synleg i byen.
– I år skal vi bruke meir energi på prosjekt som Uka-festivalen og revyen. Vi skal rett og slett lage det større, og måle byen gul i denne perioden, legg ho til.
Dei er allereie i gong med å skaffe frivillige til arbeidet, som også inkluderer å løfte fram «hobbygruppene» i større grad enn tidlegare.
– Vi skal mellom anna forsøke å knytte dei meir til næringslivet og samarbeidspartnarar i heile byen, seier Skodjevåg.

Oppmoda til engasjement
Måndagen inkluderte ein velkomstseremoni for nye studentar og ein høgtideleg prosesjon med leiarar og tilsette.
Før immatrikuleringa starta, møtte mange av studentane faddergruppa si, og hadde instituttvise samlingar.
Viserektor Anne-Lise Sagen Major var mellom dei som snakka til studentane. Ho oppmoda dei til å engasjere seg, og bli kjent med både medstudentar og miljøet på Campus Ålesund.
I tillegg fekk studentane digital helsing frå statsministeren, musikk frå ålesundartist Live Hanken og introduksjon av leiarane i studentorganisasjonane.
Lagar nye møteplassar
Den første uka skal studentane gjennom fadderuka, som er ein introduksjon for nye studentar på campus der det skjer mykje sosialt.
I år har NTNU og Studentsamskipnaden Sit sett i gong eit samarbeid med Sparebanken Møre, Momentium og organisasjonen Fadder for å skape fleire møteplassar i byen.
Allereie måndag gjekk startskotet for opplegget med konsert på Terminalen i sentrum av byen.
Publisert: 12.08.2024 15:17
Sist oppdatert: 12.08.2024 18:02