Davi Turbo satsar i utlandet
VEKST: God start på året for Roger Kaldhol og Davi Turbo. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Har aldri hatt ein betre start på året

Herøy-selskap har no det største turbolageret i Norden.

25.04.2022

- Vi har akkurat leigd 1.000 kvadratmeter meir lagerlokale. Det er lenger leveringstid på det meste, og difor må vi ha større lager.

Det seier dagleg leiar Roger Kaldhol i Leinøy-selskapet Davi Turbo.

Selskapet fekk ein fin vekst i fjor, og omsette for 21,7 millionar kroner, 4,5 millionar meir enn året før.

Resultatet før skatt enda på 3,3 millionar, opp frå 1,9 millionar i 2020.

Davi Turbo
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 21,7 17,2
Driftsresultat 3,6 2,2
Resultat før skatt 3,3 1,9

Svensk oppkjøp
Herøy-selskapet har spesialisert seg på på vedlikehald og reperasjon av turbomotorar, og har totalt 12 turboverksted i Skandinavia, der ni ligg i Norge.

Selskapet kjøpte for tre år sidan Perssons Maskinservice i Lysekil, og fekk dermed tilgang til eit 1.000 kvadratmeter stort lager og verksted.

Fleire tilsette
Dermed har Davi Turbo største turbolageret i Norden.

Ved årsskiftet hadde Davi Turbo sju tilsette, men Roger Kaldhol opplyser at staben no er auka.

Kaldhol og familien eig 80 prosent av selskapet, medan Mats Bergrud Sundbø eig 20 prosent.

Selskapet har ein eigenkapital på 5,5 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 4,2 millionar.

Publisert: 25.04.2022 13:40

Sist oppdatert: 25.04.2022 14:50

Mer om