Hellesylt hydrogen innfelt kjetil nordang hub Illustrasjon norwegian hydrogen 11
HELLESYLT: Mange storoppdrag for adm. dir. Kjetil Nordang (innfelt) og Peab K. Nordang, som har starta bygginga av Norwegian Hydrogen Hub på Hellesylt, som vi ser midt på bildet. Illustrasjon: Norwegian Hydrogen
Nytt

- Utruleg gledeleg når folk flyttar heim for å jobbe hos oss

Peab K. Nordang treng fleire tilsette etter rekordår. Men grunnrenteskatten gir problem.

10.05.2023

- Ja, vi jaktar alltid dei rette tilsette, seier adm. dir. Kjetil Nordang i Stranda-selskapet.

Ved årsskiftet var dei 147 tilsette, derav 13 kvinner. No treng dei fleire tilsette ettersom ein har hanka inn mange storoppdrag.

- Vi har i dag elleve lærlingar, som er det meste vi har hatt.

- I tillegg er det på veg inn nye tilsette. Fleire av desse er folk som har flytta ut, tatt seg utdanning, og som no flyttar heim for å arbeide hos oss. Utruleg gledeleg, seier Nordang.

Rekordår i fjor
Selskapet veks kraftig. I 2019 passerte ein 400 millionar kroner og i 2020 bikka ein 500 millionar.

I fjor vart det sett solid ny omsetningsrekord med driftsinntekter på 742,0 millionar kroner, opp heile 231 millionar kroner frå året før.

(saka held fram etter tabellen)

K. Nordang
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 742 511,6
Driftsresultat 13,5 4,5
Resultat før skatt 16,6 6,4

Byggjer Bergen-kyrkje
Selskapet har hovedkontor på Stranda, og har hatt avdelingskontor i Ålesund og i Ulsteinvik. Firmaet er i dag ein av dei leiande entreprenørane på Nordvestlandet, og utfører alle entrepriseformer i offentleg og privat sektor. Men nyleg vart det etablert eige Bergen-kontor, slik at ein satsar meir utanfor Nordvestlandet.

Ved Bergen-kontoret er det no 5-6 tilsette, som har hanka inn første storkontrakta. Det gjeld bygging av nye Sædalen kyrkje i Bergen, eit prosjekt til rundt 300 millionar kroner.

Ny Ørsta-skule
Av andre nye kontraktar er eit stort fryselager til Nils Sperre på Ellingsøya og bygging av den nye sentrumsskulen i Ørsta, det siste oppdraget til rundt 120 millionar kroner.

Av tidlegare større kontraktar er siste runde av Fri Sikt på Volsdalsberga til 120 millionar kroner, Sæbø skule og barnehage til 58 millionar, Bertel O. Steen på Digerneset, nye Vaksdal skule til 63 millionar og Eidet skule på Vatneeidet til 220 millionar kroner.

Sel godt ved Borgundfjordvegen

I tillegg skal Stranda-firmaet byggje 57 leiligheter rett ved sjøkanten i Borgundfjordveien i Ålesund, der planen er å kome opp i totalt 127 leilegheiter i tre byggjesteg.

- Her er vi godt i gang. Salet av leilegheiter går også godt, seier Kjetil Nordang.

I april i år sikra Peab K. Nordang seg også kontrakten med Norwegian Hydrogen om å byggje Hellesylt Hydrogen Hub, eit oppdrag der kostnaden med heile prosjektet er på 100 millionar kroner.

- Også her er vi i gang, seier Nordang.

Har mist kontraktar
Men K. Nordang har også mist kontraktar på grunn av grunnrenteskatt og auka formuesskatt.

- Vi har oppdrag for over 300 millionar kroner som er utsett. Det er vanskeleg å forstå logikken når slike skattar stoppar vekst og utvikling.

Han er spent på 2024.

- I år ser det bra ut, men eg er spent på korleis det vil sjå ut neste år.

Derimot ser Kjetil Nordang lysning når det gjeld kostnadsauken som har kome på grunn av krigen i Ukraina med påfølgjande inflasjon.

- Det ser no ut som om kostnadene har stabilisert seg. Det er viktig.

Eigenkapitalen til K. Nordang er på solide 97,5 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 32,1 millionar.

K. Nordang er ein del av det svenske Peab-konsernet.

Publisert: 10.05.2023 15:16

Sist oppdatert: 12.05.2023 11:39

Mer om