Øystein Olsen Kai Eide og Kolbjørn Heggdal
MOLDE: Kai Eide i samtale med sentralbanksjef Øystein Olsen (t.v.) og banksjef Kolbjørn Heggdal i Sparebanken Møre. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi treng eit landslag for næringslivet

Kai Eide meiner at det vert satsa altfor lite på næringslivsutvikling i Norge, og etterlyser eit landslag av næringslivsleiarar.

18.11.2021

- Vi har altfor mange rikingar som sit på kvar si tue og stort sett spekulerer i eigedomsmarknaden.

- Vi treng ein ny giv i samarbeidet mellom stat, næringsliv og forsking.

- Vi treng næringslivsleiarar som ikkje berre fokuserer på eiga bedrift, vi treng eit landslag av næringslivsleiarar for å kome oss vidare.

Det sa Kai Eide under Romsdalskonferansen i Molde.

Eide er rekna som en av norges mest erfarne diplomatar, har vore ambassadør i NATO, OSSE og Sverige, samt FN-utsending i Afghanistan, Bosnia-Hercegovina og Kosovo.

Bør lære av Sverige
Han har også engasjert seg sterkt i næringspolitikken, og viste under konferansen til at det er enorme skilnader i satsinga på grøn omstilling mellom ulike land - og der Norge kjem ikkje spesielt godt ut.

- Det er bra satsinga som skjer innanfor hydrogen, batteri og vindkraft, men vi treng å gjere mykje meir.

- Svensk eksportkreditt har 125 milliardar tilgjengeleg til nye lån. Norge har 5 milliardar. Vi må lære av svenskane, og eg er glad for at vi har ein motivert næringsminister og ein statsminister som har tatt initiativ til nærare dialog mellom Norge og Sverige.

Må følgje med internasjonalt
Eide tilrådde at næringslivsleiarane følgde godt med i utviklinga i verda, og meinte det var avgjerande for å lukkast internasjonalt.

Han viste til at det er ei utfordring for verdshandelen at det no er 40 prosent covid-vaksinerte i verda, men berre 6 prosent i Afrika.

Han trudde også på nye flyktningbølgjer, som må handterast.

- Berre folketalet i Nigeria er forventa å vekse frå 220 til 400 millionar i løpet av dei neste 30 åra. Her får vi den største folketalseksplosjonen nokon gong.

Kina tek over
Eide vist til at Kina veks kraftig, og rekna med at Kina hadde tatt igjen USA i 2050 som verdas viktigaste stat, noko som fort kunne verte ein kime til uro, og der det både i USA og Kina er det aukande tendensar til proteksjonisme og nasjonalisme

- Kvar gang i historia der ei ny stormakt veks fram, så skaper det konflikt, nesten alltid krigar. Denne rivaliseringa mellom USA og Kina må handterast, sa Eide.

Han meinte derimot at ein ikkje måtte sjå på Kina berre som ein trussel, sjølv om NATOs generalsekretær er av dei som har sagt det.

- Huaweis forskingsbudsjett er på 20 milliardar dollar, Alibaba har 170.000 transaskjonar per sekund. Den kinesiske middelklassen er på 400 millionar og veks raskt.

- I ein slik situasjon er det viktig at vi har god dialog med Kina og får på plass ein frihandelsavtale.

Men Eide, som også er styreleiar i Norsk Organisasjon for asylsøkarar – NOAS – minte også om at Kina har store menneskerettsutfordringar, og ei rekke konfliktar.

- Men vi bør likevel ikkje vere hyperengstelege for det som skjer.

Må forstå Putin
Litt av den same tilnærminga hadde Eide til Russland.

Han åtvara mot å sluke rått alle dei negative nyheitene, og i staden setje dei inn i ein større samanheng.

- Vi må blant anna forstå at Putin prøvar å hindre at Nato et seg nærmare den russiske grensa, og prøver å halde Russland saman som ein sterk stat.

Samstundes såg han at dei yngre generasjonane vil ha endring.

- Putin har bygt eit Russland tufta på tradisjonelle russiske verdiar, og sterkt knytt til den ortodokse kyrkja. Dette er populært blant eldre russarar, men spørsmålet er når dei som er fødde etter Gorbatsjov og Jeltsin vil reise seg mot denne autoritære politikken.

Kviterussisk bombe
Derimot var han meir kritisk til utviklinga i Kviterussland.

- Det er her den neste mulege bomba som kan eksplodere. Lukasjenko er verdas siste verkelege diktator, og han er knallhard.

- Den dagen han døyr, vert det høgst truleg samanstøytar, og Russland er nær, spesielt ettersom det går ei svært viktig russisk gassleidning gjennom Kviterussland.

Utan større likskap i samfunnet, klarer vi heller ikkje å løyse dei verkeleg store utfordringane, som klimakrisa
Kai Eide

Vil ha offensiv europapolitikk
I EU meinte Eide at ein måtte gjere mykje meir innanfor digitalisering, i staden for å la USA og Kina dominere.

- EU må kunne stå på eigne bein digitalt.

Han etterlyste ein mykje meir aktiv norsk europapolitikk, og sa at Norge og EU må lære seg at sanksjonar mot andre land ikkje fungerer.

- Vi må finne andre måtar å løyse konfliktar på.

- Utan at vi får slutt på rivaliserina i verda, klarer vi heller ikkje å løyse klimakrisa.

Eide sa at verda fort kan hamne i ein katastrofal situasjon.

- Men noko av det beste som kom ut av Glasgow-møtet, var at USA og Kina vart samde om å samarbeide.

Må løyse ulikskapen
Eide mana til offensiv klimahandling.

- Vi har irritert oss over restriksjonane vi har hatt under koronapandemien. Men dette er berre småtteri i forhold til den omveltninga som må til for å løyse klimakrisa.

- Om vi ikkje gjer noko drastisk no, er vi på veg mot 2,7 grader oppvarming i 2100. Då er vi ille ute, sa Eide.

Han åtvara samstundes mot at dei med minst ressursar skulle ta den største belastninga med å løyse klimakrisa.

- Utan større likskap i samfunnet, klarer vi heller ikkje å løyse dei verkeleg store utfordringane, som klimakrisa.

Publisert: 18.11.2021 05:50

Sist oppdatert: 18.11.2021 16:49

Mer om