1,5 millionar i snittinntekt
56 årsverk i Strand Havfiske fekk i alt 85 millionar kroner i løn, hyre, lott, kost og pensjon i fjor.
Fordelt på kvart årsverk er det snakk om 1,5 millionar kroner i gjennomsnittsinntekt for dei tilsette i Strand Havfiske-konsernet i 2021.
Største posten er lott, på 71 millionar kroner. Løn og hyrer er på til saman 9,5 millionar kroner.
Lottsystemet gir fiskarane ein andel av både inntekter og kostnadar. Kort forklart svingar utbetalingane med lønsemda i fisket. Høge prisar og godt fisket, slår direkte ut i utbetalingane også til mannskapet ombord på fiskefartøya.
Gjennomsnittsinntekta per årsverk i Strand Havfiske er høgare enn løna til dagleg leiar og medeigar Janne-Grethe Strand Aasnæs, som er på i underkant av 1,3 millionar.
Auka interesse
Fleire gode år på rad har gitt gode inntekter, og auka interessa for fiskaryrket.
- Det er gode og trygge arbeidsplassar, dei tener godt og det er gode turnusar, sa dagleg leiar Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter til NETT NO i fjor.
Strand Havfiske er eigd av Janne G Strand Aasnæs og Elisabeth Strand. Reiarlaget har to båtar, Strand Senior og Havstrand.
Selskapet arbeider tett saman med Strand Fiskeriselskap, også det med to båtar og med søskenbarna til Janne-Grethe Strand Aasnæs og Elisabeth Strand.
Begge selskapa har base ved Steinvågsundet i Ålesund og felles sal-og administrasjonsselskap.
Strand Havfiske as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 280,1 | 278,5 |
Driftsresultat | 70,2 | 65,5 |
Resultat før skatt | 104,9 | 80,1 |
Publisert: 15.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 14.06.2022 22:39