Snitt på 1,4 millionar i løn, lott og godtgjersle
Det betalte seg å arbeide i Strand Fiskeriselskap i fjor.
Fiskebåtreiarlaget Strand Fiskeriselskap sysselsette 58 årsverk i fjor. Dei delte på 81 millionar kroner i lott, løn og hyrer, kost, pensjon og annan godgjering i 2020.
I alt er det snakk om 1,4 millionar kroner per årsverk i gjennomsnitt.
Lotten - mannskapet sin andel av fangstinntektene - er den største posten, på 67 millionar kroner Det viser konserntala til Strand Fiskebåtrederi. Løn og hyre utgjer 9,5 millionar kroner. Fordelt på alle 58 årsverka utgjer lott, løn og hyre åleine 1,3 millionar kroner i gjennomsnitt.
Over Havfisk-nivå
NETT NO gjorde det same reknestykke i fjor, då med utgangspunkt i 2019-tala til fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk. Resultatet blei 1,26 millionar kroner per tilsett.
- Det er ikkje noko problem å rekruttere folk inn i trålfiske no, sa dåverande Lerøy Havfisk-sjef Webjørn Barstad.
Dagleg leiar Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter seier interessa for å bli fiskar har vore stigande i fleire år, mellom anna på grunn av inntektsutviklinga.
- Det er gode og trygge arbeidsplassar, dei tener godt og det er gode turnusar, seier Holm.
Det er omlag dobbelt så mange søkarar som det er plassar til i den vidaregåande utdanninga for fiskarar i Møre og Romsdal. Marint Kompetansesenter arbeider med å rekruttere unge til utdanning og jobbar innan fiskeri og oppdrett og har mellom anna oppgåva med å organiserer lærlingordninga.
Lite korona-effekt
Strand Fiskeriselskapa eig frysetrålaren Havbryn og ringnotsnurparen Fiskeskjer gjennom to datterselskap. Havbryn fiskar torsk og andre kvitfiskartar, Fiskeskjer fiskar sild, makrell, lodde og kolmule (pelagiske fiskeslag).
Den verdsomspennande koronaepidemen gjorde at etterspørselen etter kvitfisk frå restaurant- og cateringmarknaden krympa, som gjorde at prisane fall. Men deler av fangsten var alt tatt før epidemien kom, og gunstig valutakursutvikling og større kvotar dempa verknaden av prisfallet, ifølgje årsrapporten.
Pelagisk fiske kom seg gjennom koronaepidemien utannegative utslag. Tvert i mot, sildeprisen steig, det blei meir makrell å fiske på og auka etterspørsel etter fiskemjøl og -olje gjorde kolmule meir verdifull. Fangsverdien for Havskjer hels seg på 2019-nivå, og steig 18 prosent for Fiskeskjer.
Familieselskap
Strand Fiskeriselskapet er eigd av Solveig Strand, Hanne og Astrid Strand Marhaug og Astrid Louise Strand med 32,961 prosent kvar. Olav Strand eig 1,1 prosent.
Dei samarbeider tett med etterkomarane etter Ole Strand (bror til Olav), som også eig to fiskebåtar.
Dei to familiegreinene har felles driftselskap og salsapparat og framstår utad som eitt selskap, Strand Rederi, med base i Ålesund.
Etter 2020 vedtok Strand Fiskeriselskap å betale ut 30 millionar i utbytte og 50 millionar i tilleggsutbyttet. Dagleg leiar Solveig Strand ønsker ikkje å kommentere utbytteutbetalinga.
Strand Fiskeriselskap as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2021 |
Driftsinntekt | 176,6 | 164,7 |
Driftsresultat | 60,6 | 58,7 |
Resultat før skatt | 61,7 | 63,3 |
Publisert: 07.09.2021 15:47
Sist oppdatert: 10.09.2021 10:25