REBELLHUSET
ARBEIDSFELLESSKAP: Rebellhuset i Ålesund er eit arbeidsfelleskap i Ålesund sentrum. Over 25 personar i fleire kreative yrke har huset som arbeidsplass. Frå venstre styremedlemane Adrian Sæthermoen, Sunniva Slotsvik Walderhaug, Adrian Krogsæter og Emil Sæther. Biletet frå nett-tv-sending.
Nytt

12 gjekk vidare i Næringsteft

Årets semifinalistar driv med alt frå havkajakk til helseteknologi og spiredyrking. Les om deltakarane.

13.12.2022

50 påmeldte er blitt til 12 på tysdagens samling for deltakarane i Næringsteft-programmet.

Oversikt over kven som gjekk vidare står i slutten av artikkelen.

Sjå sendinga:

Næringsteft er både eit opplæringsarrangement og ein konkurranse mellom gründerer og idemakarar.

Vinnaren blir kåra på arrangøren, Sparebanken Møre, sitt årlege investorseminar - Børs og Bacalao - vinteren 2023.

Også i år er det éin million kroner i potten til dei som går heilt til topps. Det er også pengepremiar å vinne undervegs til dei som endar i semifinalen og finalen.

Flest i kultur og varehandel
Kultur, varehandel og fornybar energi er bransjene flest av deltakarane sjølv har opplyst at dei tilhøyrer.

På dei påfølgjande plassane kjem tenester til helse- og sosialsektoren, og maritim industri. Også undervisning, jordbruk, fiskeri og akvakultur er representert.

Gjennom fleire samlingar får deltakarane lære om gründerreisen. Dei siste åra har alle deltakarane fått meir omfattande kursing i det å opprette og drive eit selskap enn tidlegare.

Dette er semifinalistane i Næringsteft 2022/2023, og deira eigne kortfatta forklaringar på kva som er ideen:

  • Sana Ludo AS
  • Molde
  • Ei treramme som gir ny funksjonalitet til din TV og gjer den til ein stor touchskjerm
    Thomas Dahle Fiske
  • Vest Aero Tech AS
  • Kristiansund
  • Vasskanon som kan settes ut enkelt
    Jacob Furnes Haram
    Kristian Brage Sætre
  • Edge Kayak Design AS
  • Ålesund
  • Utviklar ein havkajakk for surf og brottpadling
    Edd Bjørke
    Bjørn Eilertsen
    Linda-Mari Eilertsen Hatmosøy
  • Rebellhuset
  • Ålesund
  • Ein cowork retta mot kreative yrke, bygd på tverrfagleg samarbeid
    Adrian Krogsæter
    Sunniva Walderhaug Slotsvik
    Emil Nande Sæther
    Ole-Martin Sæthermoen
    Håvard Urkedal
  • Bone Density AS
  • Ålesund
  • Apparat som styrker skjelettet
    Øystein Myklebust
    Ståle Bakstad
    Thomas Gjøstøl
  • Agriris AS
  • Tingvoll
  • AutoSprout - 500 gram spirer på 4-6 dager. Automatisk.
    Eirik Fure Stensrud
    Anniken Fure Stensrud
    Armin Berecki
  • Navaria
  • Hustadvika
  • Navaria skal utvikle eit innovativt smart system som skal gjøre det enklare for båtførarar å navigere på sjøen.
    Emma Eriksen Farstad
    Juni Sletten Sætervik
    Synne Steinsrud
  • Dugano
  • Ulsteinvik
  • Vår digitale butikkløsning hjelper lag og organisasjonar og aktive barnefamiliar som ønskjer å effektivisere dugnadssalsarbeidet med å redusere tidsbruken og auke inntektene.
    Ole Petter Fjørtoft
    Ellen Skodjevåg Bø
    Kathrin Fjørtoft
  • Kulturella AS
  • Molde
  • Samle alle kulturbransjen på ein digital plattform som oppfordrar til samarbeid på tvers av kulturfelt.
    Lars Levende Jacobsen
    Henrik Sæther
  • Liberimap AS
  • Kristiansund
  • Utviklar eit IoT-armband som blir brukt til sporing og tilsyn av barn sin posisjon/lokasjon med hovedfokus på situasjoner som Hotell-Resorts i utlandet, fornøyelsesparkar og badeland.
    Kristin Glærum
    Robert Glærum
  • Tingvoll Ull
  • Tingvoll
  • Produksjon av norske, naturfarga ullkle.
    Ildri (Rose) Bergslid
    Arnar Lyche
    Madlen Behrendt
  • Mumuri AS
  • Ålesund
  • Eit digitalt samtaleverktøy for skulehelsetenesten.
    Grethe Muriaas Huse
    Eli Kristin Muriaas
Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Publisert: 13.12.2022 13:02

Sist oppdatert: 13.12.2022 18:09

Mer om