Korona teststasjon foto ålesund kommune 22
SMITTEREKORD: Den siste tida har det vore rekordmange smitta i Ålesund, men få innlagde på sjukehus. I løpet av helga har situasjonen snudd. Illustrasjonsfoto: Ålesund kommune
Nytt

14 innlagt med korona i Ålesund

Kraftig auke i helga.

Marius Rosbach
29.11.2021

I løpet av helga har eit stor tal koronapasientar blitt innlagt ved Ålesund sjukehus. Majoriteten av desse er uvaksinerte, ifølgje ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal.

Måndag er det til saman 14 innlagte koronasmitta pasientar ved Ålesund sjukehus - 11 av desse blei innlagt i løpet av helga. Dei fleste av desse er uvaksinerte.

Fire av desse er så dårlege at dei får intensivbehandling, og alle er uvaksinerte, ifølgje meldinga.

SISTE: Regjeringa med tiltak mot ny virusvariant

Fagdirektør Torstein Hole går ut med ei sterk oppmoding om til den uvaksinerte delen av befolkninga, om å ta vaksinen.

– Dette er bekymringsfullt i ei tid der det er stor belastning på sjukehusa i fylket vårt. Når vi veit kor ressurskrevjande desse pasientane er, så fryktar vi at dette kan få konsekvensar for den planlagde behandlinga av andre pasientar. Til dømes dei som er under utgreiing og behandling, og skal ha et planlagt inngrep, seier Hole.

På grunn av den raske auka av innlagde pasientar med koronavirus, skal no både Molde og Ålesund sjukehus ta imot pasientar med Covid-19, ifølgje meldinga.

Sjå oppdatert oversikt på innlagte på Helse Møre og Romsdal si nettside (ekstern lenke)

Publisert: 29.11.2021 11:56

Sist oppdatert: 29.11.2021 13:42

Mer om