Garibaldi 2
REKORD: Frank Willy Utgård sel stadig meir av deler og komponentar til gitarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny rekord i salet av gitardeler

Hundeidvik-bedrift med sitt beste år sidan starten i 2012.

05.05.2022

Hundeidvik-selskapet Garibaldi selde deler til gitar og bass for 2,9 millionar korner i fjor. Det er ny rekord.

Ny rekord er også resultatet før skatt på 0,4 millionar (sjå tabell under).

Nettbutikk
Frank Willy Utgård er dagleg leiar, og eig 50 prosent av selskapet, medan styreleiar Martin Foldal eig den andre halvparten.

Selskapet har sin eigen nettbutikk Gitarist.no, og sel komponentar og rekvisita for gitar og bass.

Sjølv reklamerer selskapet med at ein tilbyr direkteimporterte kvalitetsprodukt frå produsentar i USA, Canada, England, Italia, Spania, Polen, Tyskland, Austerrike, Japan, og Sør-Korea.

Er også møbelaktør

Garibaldi har basen sin like ved ferjekaia i Hundeidvik i Sykkylven.

Selskapet har 2,0 millionar i eigenkapital, og 0,1 millionar i langsiktig gjeld.

Frank Willy Utgård er også sentral aktør i Jarnes Møbler, men her er ikkje årsresultatet klart.

Garibaldi
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 2,9 2,6
Driftsresultat 0,4 0,2
Resultat før skatt 0,4 0,2

Publisert: 05.05.2022 08:50

Sist oppdatert: 05.05.2022 10:38

Mer om