Frank Willy Utgård foto Ogne 1
KORONAVEKST: Kundane har "shina og og pimpa" gitarane sine i koronatida. Det aukar salet for Frank Willy Utgårds gitarutstyrsbutikk i Hundeidvika.
Nytt

Oppsving på pimpa gitarar og offentlege møblar

Møbelprodusenten Jarnes Møbler aukar staben og ventar kraftig vekst, og gitarutstyrsleverandøren Garibaldi er på veg mot eit nytt rekordår.

12.03.2021

Frank Willy Utgård er dagleg leiar, medeigar og primus motor i begge selskapa, som deler lokale like ved ferjeleiet i Hundeidvika i Sykkylven.

Garibaldi er ein nettbutikk som har spesialisert seg på alle slags deler til gitarar, med lager i Hundeidvika. I koronatida har folk "shina og pimpa" på gitarane sine, seier Utgård.

Det auka salet i fjor (sjå tabell). Dei to første månadane i år starta med rekordsal, og Utgård reknar med å nå 3,5 millionar kroner i inntekter for Garibaldi i år.

Veksten har gjort at Garibaldi har fått sin første tilsette, i tillegg til Utgård - som deler tida si mellom gitar- og møbelbransjen.

Offentleg sektor
For to veker sidan lanserte Jarnes Møbler ei eiga nettside for marknadsføring av selskapet sine møblar retta mot offentlege kundar, alt frå kommunar og bedrifter, til forsamlingslokale og møteplassar.

Netthandel mot privatmarknaden har selskapet drive i fleire år, gjennom sin eigen nettbutikk.

Dei første ordrane etter lansering av nettsida er allereie komne inn, ifølgje Utgård.

Planen er å auke talet på tilsette i Jarnes Møbel med to, til fire personar. Dei to nye skal arbeid med montering av møblar.

Jarnes Møbler-tala for 2020 er ikkje klare, men Utgård seier driftsinntektene blei omlag 2,3 millionar kroner og resultatet før skatt omlag 0,1 millionar.

Lukkast satsinga inn mot offentlege kundar ventar selskapet "ein kraftig vekst" i inntektene i år, i følgje Utgård.

Lokale leverandørar
Jarnes Møbler satsa på netthandel frå første stund og har mellom anna inngått avtalar med ulike typar forretningar om å få kunne stille ut møblane sine der. I februar opna selskapet og eit visningslokale i Hundeidvika.

Møblane til kundar i offentleg sektor og bedriftsmarknaden skal monterast i Hundeidvika. med Sykkylven Stålindustri, Stranda Galvano og Ekornes (møbelskum) som lokale leverandørar.

Garibaldi as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter2,6

1,9

Driftsresultat0,20,3
Resultat før skatt0,20,2

Publisert: 12.03.2021 16:06

Sist oppdatert: 12.03.2021 21:48

Mer om