Thomas Rystem foto Ogne
NYTT SHOW: Planen om eit eige skip frå Vard er ikke gjennomført enno, men Thomas Ryste har kome heilskina gjennom koronakrisa. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Krisehjelp ga millionoverskot

Thomas Ryste er gjennom krisa og klar for å ta «Kjellen» og resten av gjengen ut på vegen.

Marius Rosbach
29.03.2022

Etter at komikar Thomas Ryste sette «Kjellen» på sparebluss under pandemien, viser fjorårsresultatet millionoverskot for selskapet.

– 2021 var eit greitt år, grunna delvis gjenopning og koronatilskot, opplyser Ryste til NETT NO.

– 2020 var eit katstrofeår grunna covid, legg han til.

«Lite å le av i fjor» var tittelen på NETT NO sin omtale av resultatet frå koronaåret 2020. Underhaldaren meiner det er fornuftig å sjå dei to åra 2020 og 2021 under eitt.

I sommar spelar vi på festivalar og køyrer full showturné frå august, kombinert med firmaevent
Thomas Ryste

Skal ut på vegen
Til hausten er det sett opp ein rekke show i Bergen, men før den tid har Ryste planar om å ta med «Klypa-gjengen» ut på vegen.

– I sommar spelar vi på festivalar og køyrer full showturné frå august, kombinert med firmaevent, fortel Ryste.

Planen er å spele showet «20 år og like forbanna» dei neste to åra. I showet kjem mellom anna Ryste sin nye figur, countryartist Louis Myklebust frå Fosnavåg, ut frå kjellarstova til mor si.

Ein dryg million i koronastøtte
2021-resultata viser at økonomien i selskapet har halde hovudet over vatnet gjennom krisa, som har råka kulturbransjen spesielt hardt.

Ryste-selskapet fekk samtidig ein dryg million kroner (1.045.000, journ. anm.) i koronastøtte, viser årsrapporten. Eit tilsvarande beløp blir overført til eigenkapitalen i komikarens selskap.

God lønnsemd
Omsetninga på 3,33 millionar kroner er langt frå rekord for underhaldningsselskapet, men lønnsemda har knapt vore betre sidan ørstingen starta Ryste Entertainment for ti år sidan (sjå tabell under).

Thomas Ryste Holding eig aksjane i Ryste Entertainment, som i fjor sysselsette eitt årsverk. Komikaren og kona Ida Rebbestad Ryste eig halvparten kvar av holdingselskapet.

Ryste Entertainment as
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
3,3
0,9
Driftsresultat
1,2
0,02
Resultat før skatt
1,2
0,03

Publisert: 29.03.2022 05:01

Sist oppdatert: 28.03.2022 23:40

Mer om