NTB Ems Fpg Pmxjc 1 1
Ytre semje, men indre motsetningar mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det kan skape trøbbel, meiner valforskarar. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Nytt

2023 kan bli eit nytt bratt år for Støre-regjeringa

Endå eit år prega av misnøya til veljarane. Kommunevalet til hausten kan bli avgjerande for Ap-Sp-regjeringa.

NPK-NTB-Bibiana Piene: Etter eit år prega av veljarflukt av historiske dimensjonar kan 2023 bli endå eit bratt år for Arbeidarpartiet og Senterpartiet, meiner valforskar Johannes Bergh ved Universitetet i Oslo.

– Det er fare for det. Dei startar i alle fall i motbakke, seier Bergh til NTB.

Grunnrenteskatten, straumprisen og den galopperande prisveksten er blant sakene på den politiske dagsordenen for 2023. Men aller viktigast for regjeringa er truleg dette:

Korleis skal Ap-Sp-regjeringa snu motgang til medgang og vinne tilbake tilliten blant veljarane?

Må endre dynamikken
For at Støre og kompani skal greie det, må den politiske dynamikken endrast, meiner Bergh.

– Saman greier ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet å gi veljarane gode svar på problema dei står oppe i, påpeikar valforskaren.

Han meiner ein viktig grunn til at veljarane har forlate regjeringspartia, er inntrykket av mangel på handlekraft.

– Det er eit stort problem. Sjølv om dei gjer eit kraftfullt tiltak no, til dømes på straum, kan dei likevel få kritikk for å vere bakpå.

Valforskar Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø meiner at Støres store problem er at regjeringa ikkje står saman bak ein felles krisebodskap.

Doble signal
I staden taler han med to tunger og ber folk stramme inn livreima samtidig som ho auser ut pengar til eigne yndlingsprosjekt, som reversering av kommunesamanslåing.

– Støres store utfordring er heilskapen. No verkar det som om ikkje alle er med på dugnaden. Heile regjeringsteamet må ha ei felles forståing av krisa og kva for nokre nødvendige offer ein må gjere. Det kan bety at eigne favorittprosjekt må utsetjast eller stoppast. Sjølv om det vil smerte, seier Stein.

– Sjølv om det betyr å leggje valløfte på hylla?

– Det kan ein gjere om det er nødvendig. Det har andre regjeringar tidlegare lykkast med.

Den store testen
Både Bergh og Jonas Stein trur at kommunevalet til hausten vil bli den store testen for regjeringspartia. Ap og Sp har til saman brorparten av ordførarane i landet, 279 av 356, men eit glupsk Høgre har for lengst kasta seg inn i kampen for å jafse til seg flest mogleg, særleg i dei større byane.

– Lokalvalet blir det viktigaste når det gjeld norsk politikk i 2023. Det vil vere eit mål på korleis det står til med regjeringa, seier Bergh.

– Det var gjennom gode resultat i kommunevalet i 2011 at Erna Solberg bygde seg opp til å vinne valet i 2013, påpeikar Stein.

Begge trur dagens målingar allereie viser kva veg det ber.

– Ap og Sp vil nok ikkje sleppe unna bølgja av misnøye mot regjeringa. Men i tillegg vil jo lokale forhold og saker spele inn. Senterpartiet har mange ordførarar, og mange av dei er nokså populære, seier Bergh.

Slå sprekk?
Samtidig kan eit dårleg val få konsekvensar for regjeringssamarbeidet.

– Det er vanskeleg å sjå for seg at det ikkje vil påverke stemninga og samarbeidde på eitt eller anna vis, meiner Bergh, som samtidig peikar på at det er ei innebygd spenning mellom reformpartiet Ap og reverseringspartiet Sp.

– Utetter verkar dei som samde. Men det er ei motsetning mellom dei to partia som ingen av dei kjem særleg godt ut av. Og dei lykkast jo ikkje med å kommunisere med veljarane og komme med ein bodskap som dei set pris på.

Krigen i Ukraina
Samtidig legg den snart eitt år lange krigen i Ukraina og dens ringverknader viktige premissar for politikken.

– Vi må vere førebudde på det utenkjelege, sa finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB i romjula.

I tillegg har departementet hans ikkje teke nok høgd for prisveksten i statsbudsjettet for 2023. Der kan det komme til å mangle så mykje som 25 milliardar kroner, ifølgje SSB.

Det kan bety nye innstrammingar.

– Viss det blir stramma inn endå meir på område som betyr noko for folk, vil nok regjeringspartia miste endå fleire veljarar, spår Johannes Bergh.

Fakta om viktige politikkdatoar i 2023

* 4. januar: Høyringsfrist for den omdiskuterte grunnrenta for havbruk, som blir innført frå 1. januar. Stortinget skal behandle saka før sommaren.

* 9.–10. januar: Sentralstyremøte i Arbeidarpartiet, der mellom anna nye vedtekter som kan innskrenke makta til lokallag, står på dagsordenen.

* 1. februar: Energikommisjonen kjem med rapporten sin. Kommisjonen har mellom anna kartlagt framtidige energibehova og potensialet for kraftproduksjon.

* 10.–12. mars: Landsmøte i Raudt

* 16.–19. mars: Landsmøte i Senterpartiet

* 17.–19 mars: Landsmøte i SV, der ny partileiar skal veljast.

* 24.–26. mars: Landsmøte i Høgre

* 21.–23. april: Landsmøte i KrF

* 28.–30. april. Landsmøte i Framstegspartiet

* 4.–6. mai: Landsmøte i Arbeidarpartiet, der heile leiinga er på val. Aps energiutval skal levere forslag om energipolitikken til partiet.

* 11. mai: Revidert nasjonalbudsjett for 2023

* 11. september: Kommune- og fylkestingsval

Publisert: 29.12.2022 10:00

Sist oppdatert: 29.12.2022 08:10