Glen Bradley Jarle Gunnarstein Gunvor Ulstein pa Ulstein foto Marius
KONKURRANSE: Glen Bradley (t.h.) saman med Jarle Gunnarstein og Gunvor Ulstein under tysdagens omvising med statssekretæren fra Forsvarsdepartementet. Bradley vil ha konkurranse om oppdraga til Forsvaret. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Konkurranse skapar dei beste leveransane

Glen Bradley rår styresmaktene til å utfordre den maritime industrien når dei skal kjøpe nye forsvarsskip.

Marius Rosbach
23.10.2025

Tysdag var statssekretær Marte Gerhardsen på besøk hos både Vard og Ulstein-konsernet for å sjå kva dei kan bidra med når det norske forsvaret skal kjøpe inn nye fartøy det neste tiåret. 

Ulstein Verft har inngått samarbeid med Larsnes Mek. Verksted i håp om at dei to verfta saman skal sikre seg oppdraga. 

Representantar frå begge verfta var med statssekretæren på omvising på Ulstein. 

Ulstein verft dokkhall gerhardsen besok foto marius
DOKKHALL: Både Ulstein Verft og Larsnes Mek. Verksted har moderne dokkhaller som kan eigne seg for bygging av skip til Forsvaret. No er det nyaste kabelskipet til Nexans under utrusting i hallen til Ulstein. Fartøyet på knappe 150 meter er mellom dei største som er levert frå verftet. Foto: Marius Rosbach

Meiner det er viktig med konkurranse
– Det er veldig viktig at regjeringa no sørger for at det blir full konkurranse, og gjer slik som i dag: At dei kjem på besøk og ser kva som er moglegheitene hos dei ulike aktørane, seier Glen Bradley til Nett No. 

Han er styremedlem i Sande-verftet og toppsjef i Rostein-reiarlaget.

– Konkurranse skapar dei beste leveransane, legg han til. 

Gerhardsen kunne fortelje at dei ikkje planla å gjere mange slike bedriftsbesøk framover, men at dei gjer nokre. 

– Skal få mest mogleg for pengane
Også Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein meiner det er bra om aktørane får utfordre kvarandre i arbeidet framover. 

Glen Bradley minna om bodskapen far hennar, Idar Ulstein, gjerne gjentok: At bedriftene i den maritime klynga samarbeider når dei kan, og konkurrerer når dei må. 

–  Vi ønsker at Forsvaret skal få mest mogleg for pengane. Då må det byggast fartøy som leverast til avtalt tid, med god kvalitet og attraktiv kost. Det kan gjere at konseptet står seg og blir attraktivt for andre Nato-land som ønsker å hoppe på, seier han.

– Uansett tenker eg at det er ei svært god sjanse for regionen vår til vere med å få til mykje verdiskaping, legg Bradley til. 

Marte Gerhardsen tv Gunvor Ulstein Bradley Gunnarstein foto Marius
GOD PLASS: Statssekretær Marte Gerhardsen (t.h.) fekk høyre frå Gunvor Ulstein (nr. 3 f.v.) at verftet har god kapasitet både til skipsbygging, lagring og kontorplassar. Foto: Marius Rosbach

La vekt på rekruttering
Gunvor Ulstein la mellom anna vekt på at oppdraga til Forsvaret kunne gi den maritime industrien sjansen til å rekruttere fleire unge inn i bransjen. 

Svingingane i industrien har gjort at rekrutteringa til tider har vore utfordrande. 

Fleire har peika på at forsvarskontraktane kan vere ei «botnplanke» som sikrar aktiviteten for dei aktørane som sikrar seg oppdrag. 

Kjem «veldig snart» med tidsplan
I bransjen har det vore frustrasjon både over framdrift, og informasjon kring forsvarsoppdraga. 

Til det kunne statssekretæren seie følgjande: 

– Dette er ei veldig viktig avgjerd og vi har vore meir opptekne av at den skal vere god, enn at den skal vere for rask. Men vi må klare å halde tidsfristane, og vi må vere i stand til å levere båtar både til oss sjølv og allierte frå 2030, seier ho. 

Ho fortel at det «veldig snart» kjem ein innkjøpsstrategi som vil innehalde ein tidsplan for den vidare framdrifta. 

Publisert: 23.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 22.10.2025 23:20

Mer om