Det er eit konstruksjonsskip for dei malayiske joint venture-selskap IES Pioneer Ltd som er hovudårsaka til til det store underskotet. Kontrakten blei offentlegjort nøyaktig for to år sidan. Kontraktsummen er aldri offentleggjort, men etter det NETT NO erfarte var den på mellom 450 og 500 millionar kroner.
Planen var å levere skipet i september i fjor. Etter forhandlingar med reiarlaget vart leveringa utsett til i vår, men skipet ligg framleis ved kai hos Kleven i Ulsteinvik.
- Resultatet for 2015 er sterkt prega av eit enkeltprosjekt der kunden ikkje har tatt levering av fartøyet. Dette er eit problem for heile vår bransje. Vi arbeider aktivt med konkrete tilbod om sysselsetting for skipet, og har håp om å finne ei akseptabel løysing innan rimeleg tid, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen i pressemeldinga.
Rasmussen seier til NETT NO at de er fleire interessentar til å ta over skipet. Etter at IES Pioneer Ltd. mislegheld kontrakten er det Kleven som disponerer skipet.
- Det har tatt lenger tid enn vi håpa på å finne ei løysing, seier Rasmussen.
Avsetning til tap på skipet er på cirka 170 millionar kroner.
I 2014 hadde Kleven-konsernet eit driftsoverskot på 76 millionar kroner.
I år er driftsunderskotet på 250 millionar, først og fremst på grunn av avsetningar i reknskapen for å dekke eit tap på skipet til IES Pioneer Ltd. Med i reknestykket er og eit urealisert tap på valutasikring knytt til arbeidet med skipet.
- Vi har ei solid ordrebok, med levering til mange ulike segment som er uavhengige av svingingane i offshoremarknaden. Fiskefartøy, yacht, fartøy for utvinning av diamantar på havbotnen, brønnbåtar og kabelleggar er nokre av desse. I tillegg kjem den nyleg stadfesta kontrakten med Hurtigruten på levering av opptil fire store hurtigruter som også skal nyttast som ekspedisjonsskip i polare strøk. Det at vi vinn kontraktar i dagens tøffe internasjonale konkurranse viser at vi har tillit i marknaden og vi er trygge på at vi skal snu det dårlege 2015-resultatet til positivt resultat for 2016, seier han i pressemeldinga.
Konsernet leverte i løpet av 2015 sju nybygg til ein kontraktsverdi på om lag 4,4 milliardar kroner.
Kleven har i dag 18 fartøy i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på cirka 11,5 milliardar kroner.
Planen var å levere skipet i september i fjor. Etter forhandlingar med reiarlaget vart leveringa utsett til i vår, men skipet ligg framleis ved kai hos Kleven i Ulsteinvik.
- Resultatet for 2015 er sterkt prega av eit enkeltprosjekt der kunden ikkje har tatt levering av fartøyet. Dette er eit problem for heile vår bransje. Vi arbeider aktivt med konkrete tilbod om sysselsetting for skipet, og har håp om å finne ei akseptabel løysing innan rimeleg tid, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen i pressemeldinga.
Rasmussen seier til NETT NO at de er fleire interessentar til å ta over skipet. Etter at IES Pioneer Ltd. mislegheld kontrakten er det Kleven som disponerer skipet.
- Det har tatt lenger tid enn vi håpa på å finne ei løysing, seier Rasmussen.
Minus uansett
Men Klevenkonsernet hadde gått i minus også utan avsetninga for tap på Malaysia-skipet.Avsetning til tap på skipet er på cirka 170 millionar kroner.
I 2014 hadde Kleven-konsernet eit driftsoverskot på 76 millionar kroner.
I år er driftsunderskotet på 250 millionar, først og fremst på grunn av avsetningar i reknskapen for å dekke eit tap på skipet til IES Pioneer Ltd. Med i reknestykket er og eit urealisert tap på valutasikring knytt til arbeidet med skipet.
Trur på pluss
Rasmussen trur Kleven vil gå i pluss i år.- Vi har ei solid ordrebok, med levering til mange ulike segment som er uavhengige av svingingane i offshoremarknaden. Fiskefartøy, yacht, fartøy for utvinning av diamantar på havbotnen, brønnbåtar og kabelleggar er nokre av desse. I tillegg kjem den nyleg stadfesta kontrakten med Hurtigruten på levering av opptil fire store hurtigruter som også skal nyttast som ekspedisjonsskip i polare strøk. Det at vi vinn kontraktar i dagens tøffe internasjonale konkurranse viser at vi har tillit i marknaden og vi er trygge på at vi skal snu det dårlege 2015-resultatet til positivt resultat for 2016, seier han i pressemeldinga.
Konsernet leverte i løpet av 2015 sju nybygg til ein kontraktsverdi på om lag 4,4 milliardar kroner.
Kleven har i dag 18 fartøy i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på cirka 11,5 milliardar kroner.
Det har tatt lenger tid enn vi håpa på å finne ei løysing
Publisert: 07.10.2016 10:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






