2500 sider med kyst og fiskerihistorie
HISTORIE: Ein stolt Leiv Grønnevet presenterte Norges fiskeri- og kysthistorie under opninga av Nor-Fishing 2014 tysdag føremiddag.
Nytt

2500 sider med kyst- og fiskerihistorie

I samarbeid med tre universitet og eitt museum har Høgskulen i Volda sluttført eit stort historieprosjekt med å skrive den norske kyst- og fiskerihistoria.

Administrator
20.08.2014
Bokverket blei presentert tysdag på opninga av fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim.
- Mitt håp er at med dette bokverket kan skape ei ny forståing av histora, både regionalt og nasjonalt, sa ein ikkje så reint lite stolt Leiv Grønnevet då han stod for presentasjonen av den fyrste nasjonale og heilheitlege fiskerihistoria som er skriven.
Grønnevet sende samtidig ei utfordring til næringa om å donere unike bokverket til skular, bibliotek, universitet, eldresenter og andre plassar der folk møtest.
Den 25. Fiskerimessa i Trondheim blei offisielt opna av Dronning Sonja, med fiskeridirektør Liv Holmefjord og fiskeriminister Elisabeth Aspaker som sentrale aktørar under opninga.

Fem år og 27 mill. kroner

Arbeidet med Norges kyst- og fiskerihistorie har teke fem år og har kosta 27 millionar kroner. Dei totale prosjektkostnadene er på nær 40 millionar kroner.
Prosjektet er i all hovudsak finansiert av næringa sjølv og tilhøyrande institusjonar, med Nærings- og fiskeridepartementet som klart største bidragsytar (8 millionar kroner).
Andre viktige samarbeidspartar har vore Norges fiskarlag og Kontaktrådet for fiskeri- og kystmusea. 7,5 millionar kroner er samla inn frå industrien.

20 forfattarar og fem band

Kvart band er skrive av fagfolk med leiande kompetanse på sine felt. I alt har meir enn 20 forfattarar vore engasjerte med prosjektet som er samla i fem band på om lag 500 sider kvar.
Dessutan er det laga ein engelsk versjon på rundt 250 sider.
Administrativt har prosjektet vore forankra ved Universitetet i Bergen med Nils Kolle som prosjektleiar og hovudredaktør.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er representert med Atle Døssland og Arnljot Løset, som begge er professorar i historie. Døssland har vore redaktør for bandet som omhandlar tidsromet 1720 til 1880, ein periode då sterk ekspansjon i eksportfiskeria var eit gjennomgåande trekk.
Det var tidleg i denne perioden dei starta opp med klippfiskproduksjon på Nordvestlandet og i Karmøyområdet.

Grønnevet som pådrivar

Den norske kyst- og fiskerihistoria tek føre seg utviklinga frå eldste tider og heilt fram til notida fordelt på fire band. Det femte bandet er i si heilheit vigd utviklinga av den norske havbruksnæringa.
Grønnevet har vore leiar for styringsgruppa som har hatt den overordna leiinga av prosjektet. Grønnevet har også stått i spissen for arbeidet med å sikre finansieringa av bokverket som er støtta av næringsorganisasjonar, salslag, bankar og forsikringsselskap langs heile kysten.
Norges fiskeri- og kysthistorie er utgitt av Fagbokforlaget.
Mitt håp er at med dette bokverket kan skape ei ny forståing av histora, både regionalt og nasjonalt

Publisert: 20.08.2014 15:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36