Tore Ulstein Gunvor Ulstein klyngekonferansen Foto Marius Rosbach
Foto: Dagleg leiar Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein er også store aksjonærar i Ulstein Group. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Resultathopp for Ulstein Group

Meir enn dobla inntektene og og auka lønsemda.

23.06.2025

Ulstein Group-konsernet har ikkje hatt høgare resultat før skatt (i nominelle kroner) enn i fjor, sidan 2014. Og driftsinntekta i 2024 er den høgaste sidan åra 2008 og 2009.

Det familieigde verft-, utstyr- og skipsdesignkonsernet leverte mellom anna to konstruksjonsstøttefartøy til Olympic-reiarlaget i fjor, hadde 13 skipsdesignkontraktar i arbeid, 18 service- og ettermarknadsoppdrag i regi av Ulstein Verft og datterselskapet Ulstein Power & Control har ein portefølje på 450 skip med service og garantiavtalar.

– Målet vårt på lang sikt er å minimere effekten av dei sykliske variasjonane i den maritime industrien ved å fokusere på ettermarknad og ombyggingar, digitale produkt og tenester, saman med skipsbygging, design og løysingar, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Ulstein Group har over 250 aksjonærar. Største eigar, med 63,9 prosent, er selskapet Ulsmo. Ulsmo er eigd av søskena Gunvor, Tore, Idar Marius, Vegard, Ingerid og deira familiar.

Ulstein Group ASA  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt31001400
Driftsresultat198,849,2
Resultat før skatt135,140,0

Publisert: 23.06.2025 16:18

Sist oppdatert: 23.06.2025 22:31

Mer om