Tik Café & Restaurant halverte underskotet i fjor, samanlikna med året før.
Likevel trengde Ørsta-restauranten meir pengar frå eigarane etter eit tap på drygt 900.000 kroner i 2024.
Driftsinntektene steig samtidig til 9,1 millionar kroner – opp ein drygt million frå 2023 (sjå tabell under).
| Tik Café & Restaurant as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 9,1 | 7,9 |
| Driftsresultat | -0,9 | -1,8 |
| Resultat før skatt | -0,9 | -1,8 |
«Vil tilføre nødvendig kapital»
Det er brørne Jan Endre og Sindre Vartdal som eig restaurantselskapet, og planen er å halde fram med støtta gjennom selskapet Brødrene Vartdal.
«Likviditeten i selskapet er anstrengt, men aksjonær vil tilføre nødvendig kapital til videre drift ved behov», heter det i årsmeldinga.
– Vi meiner og trur at det å skape eit levande Ørsta, å skape ein samlingsplass for folk, det er det som skal til for å utvikle kommunen. For vår sin del er det eit bidrag vi kan tillate oss i ein periode, for å skape den samlingsplassen, sa Jan Endre Vartdal til Nett No etter underskotet i 2023.
Han er dagleg leiar og medeigar i Vartdal Plast saman med søskena Sindre og Ingvild.

Strammar inn på personalbruk
I årsmeldinga blir det opplyst at arbeidet til styret i fjor i hovudsak var å forvalte inntekter og redusere kostnader for å sikre den pågåande drifta.
Det er lagt opp til ei innstramming i personell i 2025.
Eigenkapitalen i restaurantselskapet var positiv ved utløpet av året, men det blir vist til at det er usikkerheit kring den vidare drifta.
God kommunikasjon og eit konservativt anslag om inntekter i åra som kjem, gjer at styret konkluderer med at det er grunnlag for å halde fram.
Publisert: 23.06.2025 09:33
Sist oppdatert: 23.06.2025 09:33






