Seagems Norway videreforedlar restråstoff fra sjømatindustrien, som du blant anna kan finne igjen som smakstilsetning i ulike fiskesupper, sausar og buljongar.
I fjor steig inntektene til 94 millionar - opp kring 30 millioner frå året før (sjå tabell under).
– Det var ei ganske fin topplinje. Den veksten var ganske formidabel, seier styreleiar Jan-Emil Johannessen i Seagems Group, eigarselskapet til Seagems Norway, om 2024-tala.
Det store underskotet er vilja, og skuldast store investeringar i både tilsette og utstyr for å få ytterlegare vekst, seier Johannessen. Per i dag har Seagems Norway omlag 30 tilsette.
| Seagems Norway as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 94,0 | 63,3 |
| Driftsresultat | -12,9 | -18,0 |
| Resultat før skatt | -14,9 | -19,9 |
Kapitalutviding
Ei kapitalutviding på omlag 50 millionar kroner i 2023 fylte opp kassa. Det gjer at selskapet ikkje har behov for påfyll av meir kapital, trass underskota i fjor og året før, ifølgje Johannessen.
Etter kapitalutvidinga er sørlendingen Bjarne Skeie og familien største eigar i Seagems Group, med 28,6 prosent av aksjane gjennom selskapet Skeie Teknologi.
Grunnleggar og storaksjonær
Nest største eigar er grunnleggar Oddvar Bjørge, med 14,4 prosent eigarandel i Seagems Group.
Bjørge var med på å bygge opp og utvikle selskapet, som i dag er Firmenich Bjørge Biomarine.
Bedrifta på Ellingsøya vart etablert av far til Oddvar Bjørge, og seld til det sveitsiske Firmenich-konsernet i 2002.
Oddvar Bjørge heldt fram i leiinga også etter salet og var styreleiar inntil 2015. Tre år etter var han i gang med det som i dag er Seagems Norway.
Publisert: 24.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.06.2025 23:27






