Johannes Rauboti SFE Erik Espeset Tafjord foto SFE Tafjord
MANGLAR OVERFØRINGSKAPASITET: Konsensjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi (t.v) og konsernsjef Erik Espeset har ikkje tilgang til overføringsliner som gjer det råd for dei to selskap å sende mykje kraft til Aust- og Sørvestlandet, der kraftprisen er høgare. Foto: Sogn og Fjordane Energi/Tafjord
Nytt

På feil side av Sognefjorden

Konkurrentane sør om fjorden har fått omlag sju gangar meir for krafta enn Tafjord Kraft og Sogn og Fjordane Energi.

01.09.2022

Både Tafjord Kraft og Sogn og Fjordane energi fekk betre betalt for straumen dei produserte i første halvår i fjor enn i første halvår i år.

Mangel på overføringskapasitet har gjort det uråd å sende store mengder straum til Austlandet eller til Vestlandet sør for Sognefjorden, der energiprisane i Europa og lite nedbør har sendt elektrisietsprisane til rekordhøgder.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) melder om ein gjennomsnittleg kraftpris på 22 øre per kWh i første halvår i sitt (og Tafjord sitt) område nord for Sognefjorden. Det er ein nedgang på 38 prosent mot tilsvarande periode i fjor. Sør for Sognefjorden er snittprisen i første halvår 155,7 øre/kWh, nesten sju gangar høgare enn nord for fjorden.

Meir kraft
Produksjonen til SFE var 986 GWh i første halvår i år, mot 940 GWh i første halvår 2021.

Tafjord produserte høvesvis 743 GWh og 613 GW i tilsvarande periodar.

Med større prisfall enn produksjonsauke er konsekvensen redusert lønsemd for begge selskapa, samanlikna med første halvår 2021. (sjå tabell)

Les børsmelding frå Sogn og Fjordane Energi

Les børsmelding frå Tafjord

Mindre utbytte
Etter 2021 betalte Tafjord-konsernet ut 70 millionar kroner i utbytte til eigarane, Ålesund kommune (52,6 prosent), Eviny - tidlegare BKK - (43,1 prosent) og Fjord kommune (4,3 prosent.

I halvårsrapporten skriv Tafjord at selskapet at ventar at det blir foreslått eit utbytte på 55 millionar kroner for 2022.

Sogn og Fjordane Energi betalte ikkje ordinært utbytte etter 2021, men styret kan i løpet av hausten i år vurdere om det skal betalast tilleggsutbytte for 2021.

SFE har ei rolle i Tafjord, Tussa og SFE sitt felles salsselskap Watn, som gir SFE store inntekter dei andre selskap ikkje får. Det er SFE som står som både innkjøpar og seljar av krafta som blir seld vidare gjennom Watn. Den krafta blir kjøpt både frå eige og andre sine område og gjer at SFE sine inntekter - og tilsvarande kostnadar - blir høgare enn hos Tussa og Tafjord.

Tafjord as
1. halvår. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt581,3819,3
Driftsresultat175,3193,1
Resultat før skatt143,7184,3
Sogn og Fjordane Energi as
1. halvår20222021

Driftsinntekt

1269,2

743,4
Driftsresultat160,8239,4
Resultat før skatt133,3246,1

Publisert: 01.09.2022 12:34

Sist oppdatert: 01.09.2022 14:25

Mer om