Johannes Rauboti foto Ogne
OPPSVING: Konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi har fått betre betalt for krafta i år enn i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meir enn dobla kraftinntektene

Kunne tent enda meir med fleire kraftliner.

31.08.2023

Sogn og Fjordane Energi fekk i gjennomsnitt betalt 51,2 øre/kWh i første halvår i år for straumen selskapet produserer i kraftverka sine nord for Sognefjorden, der storparten av selskapet sine kraftverk ligg. I første halvår 2022 var prisen 22,4 øre/kWh.

Kraftproduksjonen gjekk ned frå 948 til 891 GWh i same periode, men den store prisauken gjorde at selskapet auka nettoinntekta frå sal av kraft frå 250 millionar kroner i første halvår i fjor til 530 millionar kroner i første halvår i år.

Les børsmelding med halvårsrapport her

Inntektene kunne imidlertid vore mykje høgare. Sør for Sognefjorden, på Austlandet og Sørvestlandet/Sørlandet var gjennomsnittsprisen mellom 102,8 pg 107 øre/kWh i første halvår i år , men mangel på overføringskapasitet gjer det uråd å sende store mengder straum austover og over Sognefjorden og sørover. Dermed kan ikkje Sogn og Fjordane Energi nå tak i den betre betalte marknaden i sør og aust.

Slo saman nettselskap
I mars i år slo Sogn og Fjordane Energi sitt straumnettselskap, Linja, saman med Tussa og Tafjord Kraft sitt nettselskap, Mørenett. Etter samanslåinga eig Sogn og Fjordane energi 33,3 prosent i det nye nettselskapet, som også har fått namnet Linja.

Samanslåinga gav Sogn og Fjordane Energi ein rekneskapsmessig gevinst på 219 millionar kroner. Frårekna den gevinsten blei resultatet etter skatt 137 millionar kroner, meir enn enn enn ei dobling samanlikna med 1. halvår i 2022.

Vanleg overskotsskatt utgjorde 75 millionar kroner og grunnrenteskatt 150 millionar kroner i første halvår. Tilsvarande tal for første halvår 2022 var 32 og 38 millionar kroner.

125 millionar i utbytte
Etter 2022 vedtok Sogn og Fjordane Energi å dele ut 125 millionar kroner i utbytte. Dei pengane er no på veg inn på konto hos eigarane.

Sogn og Fjordane Energi har åtte aksjonærar: Sogn og Fjordane Holding (49,5 prosent), Eviny (36,8 prosent) og
seks kommunar i Nordfjord og Sunnfjord (tilsaman 13,7 prosent). (Eviny er kraftproduksjonsdelen av BKK. Etter delinga er BKK i dag eit nettselskap.)

Sogn og Fjordane Holding er eigd av 18 kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke og Vestland fylkeskommune. Kommunane eig 80 prosent av selskapet, men fylkeskommunen eig alle A-aksjane.

Sogn og Fjordane Energi as
1. halvår. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt1422,21276,0
Driftsresultat386,7167,6
Resultat før skatt580,8133,4
Resultat etter skatt355,863,6

Publisert: 31.08.2023 08:52

Sist oppdatert: 31.08.2023 08:58

Mer om