Atlantic Seafood Moltu
SLUTT: Her hadde 55 tilsette arbeidsplassen sin, fram til konkursen i førre veke.
Nytt

55 tilsette råka av Atlantic Seafood-konkursen

Har ikkje fått løn for fleire månader.

23.11.2022

- Det er ein veldig stor konkurs, seier bustyrar Jørund Knardal om konkursen i fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood.

Selskapet dreiv fiskeforedling på Moltustranda. Det vart slått konkurs i førre veke, etter krav frå tilsette, som ikkje hadde fått løn.

Løna kom ikkje
Ifølgje Knardal var det 55 tilsette i Atlantic Seafood. Dei skulle få løna for september utbetalt i midten av oktober, og løna for oktober i midten av november. Det skjedde ikkje.

I tillegg skal dei også ha betaling for november, fram til konkursen.

Dei tilsette kjem inn under lønsgarantiordninga, ei offentleg ordning som sikrar arbeidstakarar løn ved konkurs.

Hevda å ikkje vite
Daniel Andersen, som ifølgje Brønnøysundregistera eig 100 prosent av aksjane i selskapet, sa i samband med konkursopninga til Intrafish at selskapet ikkje er kjende med at det er utbetalt for lite i lønn til tilsette.

Ingen frå Atlantic Seafood møtte i retten i førre veke, då det blei opna konkurs i selskapet. Per i dag framstår selskapet å vere utan eit fungerande styre, skriv retten i kjennelsen.

Styreleiar Bjarte Aambø trekte seg tidlegare i månaden saman med nestleiaren i styret.

Det driftsselskapet i som er omfatta av konkursen. Bygningane på Moltustranda og deler av produksjonsutstyret er eigd av to andre selskap, ifølgje Knardal.

Publisert: 23.11.2022 13:01

Sist oppdatert: 23.11.2022 13:17

Mer om