700 nye jobbar i vente
REDDET AV OMSTILLINGSEVNE: Omstillingsevna har redda den martime klynga på Nordvestlandet meiner Erik Jakobsen i Menon Economics. Optimismen er stigande viser årets klyngeanalyse. 
Nytt

700 nye jobbar i vente

Innan utløpet av 2020 treng bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet 700 fleire tilsette.

27.09.2018
Optimismen er stigande hos bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet. Den viser klyngeanalysen 2018, som Menon Economics har laga for klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.
Klokka 12.56 i dag, torsdag 27. september, starta Erik W. Jakobsen frå Menon Economics presentasjonen av årets rapport under Klyngekonferansen 2018 i Ålesund i dag. Jakobsen fortel om eit markert omslag i positiv lei.
- Klynga kjem til å ha ein betydeleg inntektsvekst i 2018, seier han til NETT NO.
Det er særleg skipsverfta, men og utstyrsleverandørane som dreg opp, i følgje Jakobsen.

Vendepunkt

I fjor spådde bedriftene som var med i undersøkjinga at 2018 ville bli eit vendepunkt, og årets rapport tyder på at dei hadde rett.

2018 ser ut til å bli året den maritime klynga får attende vind i segla, heiter det i presentasjonen:
Alle segment i klynga melder om auka inntekter og ventar stigande lønsemd. I tillegg skal det altså finnast folk til 700 nye stillingar i løpet av dei to neste åra. Tidshorisonten er også blitt vidare. For eitt år sidan hadde bedriftene i klynga i gjennomsnitt arbeid åtte månader fram i tid. Det har nesten dobla seg, til 14 månader.

Redda av omstillingsevne

Jakobsen og Menon Economics har analysert bedriftene i den maritime klynga i fire år.
Humøret hos bedriftene nådde botnen i 2016, tok seg opp i fjor og enda meir i år, i følgje Jakobsen. Den betra stemninga har bedriftene sjølve mykje av æra for, etter Jakobsen si vurdering.
- Utan den omstillinga som klynga har vore gjennom sett mykje verre ut. Omstillingsevna er det som redda klynga, seier Jakobsen.

Rusta for vekst

Etter Menon Economics si vurdering er den maritime klynga på Nordvestlandet rusta for vekst:
Tre av dei fire store verftsgruppene har fått fotfeste i det veksande cruiseskip og ferjer.
Fiskeri- og havbruksnæringa blømer, med god lønsend og etterspørsel.
Selskap i den maritime klynga ventar og at marknaden for utbygging og vedlikehald av vindkraftproduksjon til havs vil auke.

Kritiske faktorar

Saman med dei optimistiske signala peikar og klyngeanalysen på nokre kritiske faktorar:
Produktiviteten i den maritime klynga på Nordvestlandet har utvikla seg svakare enn hos liknande bedrifter i resten av Noreg dei siste åra. Samstundes stig behovet for store investeringa i digital kompetanse.
Vil selskapa på Nordvestlandet klare og kome opp på same produktivitet som konkurrentane og har dei kulturen og viljen som skal til for å heve sin digitale kompetansen? spør Menon i analysen.
Men Kongsberg-konsernet på veg inn som ny eigar av Rolls-Royce Marine blir Kongberg/Rolls-Royce Marine ein digital tungvektar. Har resten av klyngebedriftene kompetansen som skal til for å dra nytte av eit slikt digitalt lokomotiv, spør Menon.

Krympa og tapte pengar

Medan framtida ser lys og er den nære fortida dystrare.
Verdiskapinga (overskot pluss lønsutbetalingar) for bedriftene i den maritime klynga fall med 26 prosent frå 2016 til 2017. At Farstad Shipping forsvann ut av soga som eige selskap tel tungt i det reknestykket.
Talet på tilsette i klyngebedriftene var 13.300 ved årsskiftet. Det er 28 prosent færre enn i 2014, som utgjer ein nedgang på 5300 personar.
Driftsresultatet er negativt for tredje år på rad, med store underskot hos Rolls-Royce Marine som viktig årsak.
Men nedturen var brattare frå 2015 til 2016 og i nokre deler av den maritime klynga er det teikn til vekst også i 2017-reknskapa.
Klynga kjem til å ha ein betydeleg inntektsvekst i 2018

Publisert: 27.09.2018 12:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26