Invest24 er eigd av ei gruppe investorar rundt selskap i Stryn, som den mekaniske bedrifta Nomek, septik- og slamsugingselskapet Norva24 og gassbehaldar-automatprodusenten Vendanor.
Invest24 eig 33,7 prosent i Nomek, som er største aksjonær i Vendanor.
I fjor selde Invest24 seg ut av bioavfall-selskapet Høst Verdien av avfall as med ein gevinst på 9,5 millionar kroner. Bokført verdi på aksjane var fem millionar kroner.
Gevinsten er hovudårsaka til at resultatet før skatt for Invest24 enda på 10,2 millionar kroner i 2017. (sjå tabell)
Kristian, Ivar Loen, Malvin og Jan Erik Sandbakk i Stryn eig tilsaman ein tredjepart gjennom selskapet Isco.
Den siste tredjeparten er eigd av Jkt Birkeland Invest, som har Johnny Birkeland, Kenneth Birkeland og Turid Bjørg Birkeland i Gulen som aksjonærar. Birkelandfamilien er ein del av Strynemiljøet som partnar i Norva24.
I fjor kjøpte selskapet Cambi ASA ut blant andre Invest24 og blei 80 prosent eigar av Høst Verdien i avfall.
Men salet betydde ikkje takk og farvel til bioavfalls-handteringinvesteringar for Invest24.
Ein prototype er testa ut i eit biogassanlegg i Drammen, og Hyperthermics satsar på eit snarleg gjennombrot i den kommersielle marknaden.
Invest24 eig 33,7 prosent i Nomek, som er største aksjonær i Vendanor.
I fjor selde Invest24 seg ut av bioavfall-selskapet Høst Verdien av avfall as med ein gevinst på 9,5 millionar kroner. Bokført verdi på aksjane var fem millionar kroner.
Gevinsten er hovudårsaka til at resultatet før skatt for Invest24 enda på 10,2 millionar kroner i 2017. (sjå tabell)
Investomiljø i Stryn
Arild Bødal i Stryn eig ein tredjepart av aksjane i Invest24 gjennom selskapet Ahb Invest, og er største einskildaksjonær.Kristian, Ivar Loen, Malvin og Jan Erik Sandbakk i Stryn eig tilsaman ein tredjepart gjennom selskapet Isco.
Den siste tredjeparten er eigd av Jkt Birkeland Invest, som har Johnny Birkeland, Kenneth Birkeland og Turid Bjørg Birkeland i Gulen som aksjonærar. Birkelandfamilien er ein del av Strynemiljøet som partnar i Norva24.
Blir i biogass
Høst Verdien i avfall arbeider med handtering og utnytting av organiska avfall, som matavfall og planterestar.I fjor kjøpte selskapet Cambi ASA ut blant andre Invest24 og blei 80 prosent eigar av Høst Verdien i avfall.
Men salet betydde ikkje takk og farvel til bioavfalls-handteringinvesteringar for Invest24.
Inn i Hyperthermics
Invest24 er blitt eigar av 9,4 prosent av aksjane i Hyperthermics, eit selskap som utviklar anlegg som skal få fortgang i nedbrytingsprosessen i biogassanlegg.Ein prototype er testa ut i eit biogassanlegg i Drammen, og Hyperthermics satsar på eit snarleg gjennombrot i den kommersielle marknaden.
Publisert: 01.06.2018 06:00
Sist oppdatert: 21.05.2021 09:52