Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
KRYMPA INNTEKT: To ankerhandteringsfartøy og eitt plattforforsyningskip færre enn i fjor krympa inntektene, viste 1. kvartalsrapporten Havila Shippingsjef Njål Sævik offentleggjorde i dag. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

93 prosent flåteutnytting for Havila Shipping

Høgare rater, men færre skip.

21.05.2024

Offshorereiarlaget Havila Shipping driv 14 skip, tre færre enn i første kvartal i fjor.

Skipa var i arbeid 93 prosent av tida i første kvartal, og ratane var høgare enn i fjor, men ikkje nok til å kompensere for tapet av inntektene frå dei tre skipa.

Les børsmelding her

I 1. kvartal hadde selskapet ein salgsvinst, som forklarar den store skilnaden på frakt- og driftsinntekten første kvartal i pr og i fjor (sjå tabell).

Havila Shipping ASA
1. kvartal. I mill. kroner20242023
Fraktinntekt116,7152,5
Driftsinntekt126,1375,1
Driftsresultat10,4221,8

Resultat før skatt

0,1118,3

Platformforsyningsskipet Havila Commander og ankerhandteringsfartøya Havila Jupiter og Havila Venus vart selde i fjor haust, etter krav frå långivarane. Långivarane hadde rett til å krevje sal, etter ein refinansieringsavtale frå 2020.

Publisert: 21.05.2024 15:41

Sist oppdatert: 21.05.2024 20:29

Mer om