ABB trur på vekst med ny fabrikk
Har blitt fleire i Ulsteinvik - og vil truleg vekse meir med satsing på militære skip.
Onsdag inviterte ABB til opning av sin splitter nye fabrikk med inviterte gjestar i Ulsteinvik. Her skal dei produsere og vidareutvikle frekvensomformarar til marknaden for kystvakt- og marineskip.
Onsdag var det underhalding med bandet Sytalaust før opningsseremonien.
Til stades var mellom anna ulsteinvikaren Sindre Sætre som leiar marineverksemda til ABB globalt og Egil Johansen som har ansvaret for verksemda innan kystvakt og marineprodukt i Norge.
– Dette er starten på ei ny æra, sa Sætre i talen som blei halde på engelsk.
Har vore meir enn 20 år i Ulsteinvik
Dei nye fabrikklokala ligg ved Borgstein rett ved sidan av ABB-avdelinga, der konsernet har vore i meir enn 20 år.
ABB har i dag fleire enn 100 personar i arbeid i Ulsteinvik, som i hovudsak jobbar med ulike delar av den maritime marknaden. Det er ei auke på kring ti årsverk dei siste par åra.
– Vi har vekse sidan Covid, og dette området representerer ein del av den veksten, fortel Sætre til NETT NO om bemanninga.
Marknad i vekst kan gi fleire tilsette
ABB er mellom dei leiande aktørane på elektrisk framdrift til kommersielle skip, og ser no at tida er inne for å introdusere løysingane sine for ein forsvarsmarknad, som er i vekst globalt.
Sætre stadfestar at det nye satsingsområde kan føre til ei auke i bemanninga. Han ser ikkje vekk frå at ein kan sjå føre seg ei dobling av talet på tilsette som jobbar innafor denne divisjonen om nokre år.
– Om vi lukkast med våre planar, så er det absolutt innafor å doble talet på tilsette, seier Sætre.
Lagar meir robuste produkt
Ei satsing mot militære skip fører også med seg behov for modifikasjonar og vidareutvikling av dei kommersielle produkta for å møte andre krav.
Frekvensomformaren ABB Navydrive står sentralt i dette arbeidet.
I stor grad dreiar det seg om å gjere produkta meir robuste slik at dei kan tole sjokk og påkjenningar, som ein til vanleg ikkje ventar i kommersielle skip.
Rekordsterkt første kvartal
Kvartalstala til ABB Norge som nyleg blei lagt fram, viser ei verksemd i medvind. Etter ein sterk start på året heva konsernsjef Björn Rosengren prognosane for 2023.
Konsernet opplevde tosifra auka i inntektene på alle forretningsområde, og hadde ved utløpet av kvartalet bygd opp ordrereserven til om lag 9,5 milliardar kroner. Konsernsjefen påpeikar i sitt samandrag av rapporten, at resultatet er det beste for første kvartal på ei årrekke.
ABB Norge har hovudkontor på Fornebu, og er del av globale konsernet med hovudkontor i Sveits.
Publisert: 10.05.2023 14:00
Sist oppdatert: 10.05.2023 15:28