Kan opne milliardmarknad for maritim industri
Forsvarskommisjonen vil ha så mange nye militærskip at spørsmålet kan bli om verfta har kapasitet nok til alle.
ANALYSE:
Draumane om ei varig ny og trygg verd etter at den kalde krigen var over er knust.
Ei formidabel omstilling må til for å løfte forsvarsevna til eit relevant nivå etter 30 år med omorganisering, nedbygging og kutt. Det skriv Forsvarskommisjonen i sin rapport som kom denne veka.
Kommisjonen vil ha eit breitt politisk forlik om ei kraftig opprusting. 30 milliardar i ekstraløyving straks, og deretter 40 milliardar ekstra kvart år i ti år i høve til dagens budsjett.
Svimlande summar
Det må brukast meir pengar på alle deler av forsvaret, mellom anna til Sjøforsvaret - den delen av forsvaret som næringslivet på Nordvestlandet har mest oppdrag å hente frå.
Pengesummane det er snakk om er svimlande og investeringane som må til skal gjerast på så få år at det kan utgjere store årlege bidrag til ordreboka, om norske verft klarer å vinne mange av kontraktane.
"Det er behov for en nasjonal maritim satsing. En slik satsing bør omfatte relevante kapasiteter fra hele Forsvaret og alle domener. I tillegg kommer en nødvendig styrking og tilrettelegging fra andre relevante sektorer, industri og næringsliv. Den totale kostnaden ved et slikt løft over en tiårsperiode anslås til et sted mellom 300–350 milliarder kroner, inklusive drift og investeringer.", heiter det i rapporten.
Ein del av desse pengane skal brukast til å bygge nye skip. Denne veka var næringsminister Jan Christian Vestre i Ålesund og fortalde at regjeringa vil ha meir skipsbygging i Noreg. Det skal skje mellom anna ved å utnytte handlingsromet i EØS-avtalen betre.
Krympa ordrebok
NETT NO skreiv fredag at norske verft berre har inngått kontraktar for 3,5 milliardar kroner så langt i år. Det er lite, og 2023 ligg så langt an til å bli det tredje året på rad med ein ordreinngang som inneber at verftsnæringa vil krympe.
Dagens politiske klimaet er truleg det beste på fleire år for å få styresmaktene til å favorisere norske verft når det offentleg skal bygge skip. Det aller lettaste å favorisere innanfor internasjonale handelsavtalar er bygging av militære fartøy, og dei vil forsvarskommisjonen ha mange av - i løpet av kort tid.
Norge trenger nok fartøy og besetninger til at Forsvaret kan være fysisk tilstede i våre nærområder, samtidig som andre blir vedlikeholdt eller opererer kontinuerlig sammen med fartøygrupper i NATO eller i andre allierte rammer. Det har ikke Forsvaret i dag, heiter det i rapporten.
På lista til kommisjonen står seks nye fregattar som erstattar dei fire (opphavleg fem) som Noreg har i dag. Prislappen er 100 milliardar kroner (med våpen og ammunisjon) anslår kommisjonen. I tillegg trengst 40 mindre fartøy, som kystvakt- og mineryddingsfartøy. Det vil koste 51 milliardar kroner etter kommisjonen sine vurderingar.
Optimisme
NETT NO fortalde denne veka også om forventningar om nye oppdrag til verfta, uavhengig av eventuelle forsvarskontraktar. Blir dei forventningane innfridd, i tillegg til at Stortinget løyver pengane og vedtek tiltaka Forsvarskommisjonen tilrår, kan det bli trangt om plassen hos verfta i fleire år framover.
Framlegget til Forsvarskommisjonen vil løfte det norske forsvarsbudsjettet opp til NATO-målet om at forsvarsbudsjettet skal tilsvare minst to prosent av bruttonasjonalproduktet hos medlemslanda.
Om politikarane vel å ikkje følgje Forsvarskommisjonen sitt råd, meiner kommisjonen at det betyr at vi framleis vil ha eit forsvar som er altfor svakt.
"Dersom det politiske Norge ikke kommer til enighet om en avtale av en slik størrelsesorden vil varianter av en videreføring av gjeldende økonomiske og kvalitative ambisjon for Forsvarets utvikling være det reelle alternativet. Et slikt ambisjonsnivå vil verken møte alvoret eller i nødvendig grad styrke evnen til å ta større ansvar for egen sikkerhet."
Les også
Fem verft ber om møte med forsvarsministeren, næringsministeren og fiskeri- og havbruksministeren.
Topptungt Frp-lag fekk forslag om korleis politikarane kan hjelpe den maritime klynga.
Publisert: 07.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 06.05.2023 19:16