Olympic vindskip illustrasjon ulstein design solutions 11
ULSTEIN-DESIGN: Utsjånaden er basert på Ulstein SX222-designet med Twin X-Stern som er ei vidareutvikling av X-Bow-designet til Ulstein-konsernet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Acel-oppdrag på Ulstein-skip

– Ei milepåle, seier Ålesund-selskap om jobben på vindskipa til Olympic.

Marius Rosbach
14.07.2022

Acel i Ålesund har sikret seg oppdraget med å levere hovudtavlar til dei to konstruksjonsskipa Olympic-reiarlaget i Herøy skal bygge ved Ulstein Verft.

Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

Verdien på oppdraget blir ikkje opplyst, men kontrakten blir omtala som ei «milepåle» for selskapet i markanden for havvind.

Leveransen frå Acel omfattar hovudtavlar, nødtavlar og koplingar til land og kontrakten er gjort med Ulstein Power & Control.

Salsansvarleg Marius Granlien i Acel seier dei er svært nøgd og audmjuke for å vere med på arbeidet med å bygge vindskipa. Dei to skipa skal etter planen leverast våren og sommaren 2024.

Meir om Olympic-skipa:

Publisert: 14.07.2022 16:11

Sist oppdatert: 14.07.2022 20:05