Stig Remøy Lars Luhr Olsen foto Ulstein Group 11
NY KONTRAKT: Olympic-reiar Stig Remøy saman med verftsdirektør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft. Foto: Ulstein Group
Nytt

Olympic bygger minst to vindskip på Ulstein

Herøy-reiarlag med etterlengta ordre på nybygg for Ulstein Verft.

Marius Rosbach
13.07.2022

Olympic kontraherer to konstruksjonsstøttefartøy for havvind, og har opsjon på ytterlagere to nye skip ved Ulstein Verft, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding onsdag.

Skipa er planlagt leverte vår og sommar 2024.

For oss vil det vere avgjerande at skipa vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for, uttalar Stig Remøy i Olympic Group i meldinga.

Han påpeiker at det er viktig for dei som eit lokalt reiarlag, å satse på den maritime klynga.

– Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring, legg han til.

(saka held fram under)

Olympic vindskip ulstein illustrasjon ulstein design solutions 11
Utsjånaden er basert på Ulstein SX222-designet med Twin X-Stern som er ei vidareutvikling av X-Bow-designet til Ulstein-konsernet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Hybrid framdrift
Skipa vil ha ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Om bord skal det vere plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar.

Fartøya skal ha hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp.

Utsjånaden er basert på Ulstein SX222-designet med Twin X-Stern frå Ulstein Design & Solutions. Ulstein Power & Control skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, som inkludererer ei stor batterileveranse.

Har bygd seks skip på Ulstein
Olympic-reiarlaget har tidlegare bygd seks skip ved Ulstein Verft og var den første kunden til Ulstein Design & Solutions.

- Vi er svært glade for å jobbe med Olympic igjen, ein viktig og innovativ kunde vi har hatt eit svært godt samarbeid med gjennom mange år og gjennom mange komplekse og vellukka prosjekt tidlegare, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group.

Har hatt tom ordrebok
Ordrane på to nybygg er svært etterlengta for Ulstein-verftet som har hatt tom ordrebok sidan ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution vart levert i fjor haust.

Skipsbyggjarkonsernet har halde koken på andre typer oppdrag, og leverte nyleg sitt første overskot sidan 2014.

Olympic ulstein vindskip signering kontrakt foto ulstein group 11
SIGNERING: Olympic-reiar Stig Remøy (t.v.) saman med verftsdirektør Lars Lühr Olsen i front for representantar frå dei to partane under signeringa. Foto: Ulstein Group

Publisert: 13.07.2022 09:12

Sist oppdatert: 13.07.2022 13:14

Mer om