Ulstein kontrakt feiring kantina foto marius 11
FEIRING I KANTINA: Tilsette frå ulike delar av Ulstein-konsernet samla til ei spontan lita markering av kontrakten. Frå venstre framme: konsernadvokat Ingvill Saunes, designsjef Ann Katrin Barstad i Ulstein Design & Solutions, Ulstein Power & Control-sjef Trond Berg, tillitsvalt Vegard Moltu Nilsen og administrasjonssjef Dagbjørn Myklebust i Ulstein Elektro Installasjon. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Det er så mange som er glade»

Olympic-avtale kjem til trass for politikarane sin innsats, meiner konsernsjefen i Ulstein - som har vore nær ny kontrakt fleire gonger.

Marius Rosbach
13.07.2022

– Det er rein lukke, seier produksjonssjef May Kristin Myklebust ved Ulstein Verft om nyheita som kom onsdag.

Olympic-reiarlaget til Stig Remøy vil bygge minst to skip for havvindmarknaden på verftet.

Det sikrar jobb til verftet som har hatt tom ordrebok sidan ekspedisjonsskipet National Geographic Resolution vart levert i fjor haust.

Har vore nær ved fleire gonger
Produksjonssjefen fortel at verftet har vore nære kontraktar fleire gonger.

Men utfordringane som har påverka moglegheitene til å sikre nybygg, har kome på løpande band. Myklebust peiker på koronapandemi, krig i Ukraina og det ho meiner er dårlege rammevilkår for industrien generelt.

– Det er så mange som er glade og så mange som har bidrege over tid.
Dette er eit teamwork. No er vi der og vi er kjempeglade, legg ho til.

Dei to første skipa skal leverast i 2024, og Herøy-reiarlaget har sikra seg opsjonar på to tilsvarande skip. Med andre ord kan det bli meir arbeid i åra framover.

Dette er ei kontrakt som kjem i stand på trass av politikarane sin innsats
Cathrine Kristiseter Marti

(saka held fram under)

Olympic vindskip illustrasjon ulstein design solutions 11
ULSTEIN-DESIGN: Utsjånaden er basert på Ulstein SX222-designet med Twin X-Stern som er ei vidareutvikling av X-Bow-designet til Ulstein-konsernet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

– Verft og reiarlag har strekt seg lang
Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group er også glad, men meiner det er grunn til å påpeike følgjande:

– Dette er ei kontrakt som kjem i stand på trass av politikarane sin innsats, og ikkje på grunn av. Det er eit resultat av at verft og reiarlag har strekt seg lang, og vi kan ikkje vente at det skal vere slik framover, seier ho til NETT NO.

Som kjent var ikkje Ulstein-eigar Gunvor Ulstein imponert over tiltaka regjeringa kom med til maritim bransje, i industriløftet som nyleg blei lagt fram.

– Politikarane må kome langt meir på banen og vere meir konkrete i sine tiltak, meiner Marti.

– Har høyrt det er ting på gong
Også tillitsvalte var representert på samlinga i kantina onsdag.

– Vi er ute i ferie, men vi har høyrt det er ting på gong. Samtidig er det ikkje kontrakt, før den er underskriven. Det var fantastisk flott å vakne i dag til nyheita om at det endeleg var i boks, fortel Vegard Moltu Nilsen.

Han representerer drygt 40 medlemmer i Fellesforbundet – som utgjer kring halvparten av operatørane på verftet.

Krevjande omstilling
Kollega John Hatløy i Forbundet for Ledelse og Teknikk var også ein glad mann onsdag.

– Det har vore vanskelege tider og at leiinga har klart å sy saman ei kontrakt i ein slik situasjon er, utruleg kjekt, fortel han.

Hatløy legg ikkje skjul på at det har vore ei utfordrande tid på verftet med ombygging og reparasjon, i staden for nybygg.

– For eit verft som i utgangspunktet er rigga for nybygg, så er det krevjande. Men vi har klart oss bra, og det året som vi skal vente på det nye skroget, skal også gå bra, meiner han.

Det har vore vanskelege tider og at leiinga har klart å sy saman ei kontrakt i ein slik situasjon er, utruleg kjekt,
John Hatløy

Skroga kjem neste haust
Administrerande direktør Lars Lühr Olsen fortel at begge skroga skal byggast ved Crist-verftet i Polen, slik verftet har gjort med dei fleste skipa dei har bygd siste tiåret.

– Dei vil starte med bygging av skroga i november, også kjem skroga hit til Ulstein hausten neste år, fortel Olsen til NETT NO på telefon frå ferie.

Sjølv om det ikkje har vore nybygg ved verftet, har dei hatt betydeleg folk i arbeid med ombygging og reparasjon. Olsen tør difor ikkje love at dei vil trenge fleire folk med det første.

– Vi har ganske god dekning med arbeid utover hausten, men vi får sjå litt korleis ting utviklar seg, legg han til.

Publisert: 13.07.2022 12:28

Sist oppdatert: 13.07.2022 15:51

Mer om