Olympic vindskip infelt stig remøy illustrasjon ulstein design solutions 33
HAR TRUA: Skipa Stig Remøy (innfelt) bygger på Ulstein Verft i samarbeid med Ottar Vartdal, har ikkje kontraktar i dag. Det uroar ikkje Herøy-reiaren. Illustrasjon/foto: Ulstein Design & Solutions/Marius Rosbach
Nytt

Trur det blir rift om dei nye skipa

Om satsinga Stig Remøy gjer saman med Ottar Vartdal slår til, kan det bety fleire skip.

Marius Rosbach
13.07.2022

Onsdag kom nyheita som gleda både dei tillsette i Ulstein-konsernet og truleg ein heil region: Olympic-reiarlaget frå Herøy skal bygge minst to nye konstruksjonsskip for havvindmarknaden ved Ulstein-verftet.

Stig Remøy fortel at dei har jobba både mot norske og utanlandske verft i lengre tid før dei landa på ein avtale med verftet i nabokommunen.

– Vi ser verdien av sikker levering og kvalitet. For at kundane våre skal vere trygge på at vi har skipa på plass våren og sommaren 2024, så gjer ei totalvurdering at Ulstein heilt klart er best, fortel han til NETT NO.

(saka held fram under)

Ulstein kontrakt feiring kantina foto marius 11
FEIRING I KANTINA: Tilsette frå ulike delar av Ulstein-konsernet samla til ei spontan lita markering av kontrakten onsdag. Verftet skal bygge opptil fire skip for Olympic, og andre delar av konsernet har store oppdrag i samband med kontrakten. Foto: Marius Rosbach

Oppdrettsmilliardær på laget
Reiaren fortel at satsinga skjer gjennom selskapet Olympic Wind Holding, som har eitt skip frå før i konsernet.

Med på satsinga er også Ottar Vartdal via selskapet Vartdal Invest. Ørstingen selde i fjor livsverket Vartdalgruppa til Måsøyval for kring 1,5 milliardar.

– Det er store kontraktar og difor store beløp. Då er det viktig å ha med sterke finansielle eigarar, og Vartdal skal ha ein andel i selskapet, fortel Remøy.

Olympic skal vere majoriteteigar, men reiaren vil ikkje i dag seie nøyaktig korleis fordelinga blir.

Eg trur det vil vere stor interesse for å få tak i desse skipa
Stig Remøy

Trur skipa blir ettertrakta
Havvind er peika ut som eit vekstområde for den maritime klynga.

Med hybrid batteriframdrift og budd for nullutslepp, vil skipa som Olympic bygger på Ulstein, vere mellom dei mest moderne i marknaden for slike oppdrag.

– Skipa kan møte alle krava som er på marknaden – og framtidige krav. Dei blir bygd slik at kapasitetane kan utvikle seg i tråd med marknaden. Vi trur slike skip blir mangelvare, forklarar Remøy.

Han fortel at dei vurderer ulike kontraktar og moglegheiter for skipa. Reiaren ser ikkje vekk frå at det kan bli kamp om dei.

– Ja, eg trur det vil vere stor interesse for å få tak i desse skipa, seier han.

Enova-støtte
Låge utslepp er eit stikkord for dei nye konstruksjonsskipa som vil ha hovudpropell både framme og bak. Førre veke fekk også Olympic tildelt opptil 34 millionar i støtte frå Enova til dei to havvindfartøya.

– Vi meiner at utsleppa skal bli vesentleg lågare enn det som er kjent i dag, fortel Remøy.

– Korleis ser du på nivået i støtta frå styresmaktene til den maritime klynga?

– Vi er ikkje vande med å få statleg støtte, så at vi får noko er gledeleg, seier han.

Allereie store i fornybarmarknaden
Olympic-reiarlaget har allereie i fleire år hatt kring 40 prosent av inntektene sine frå det som blir kalla fornybarmarknaden.

I alt har Herøy-reiarlaget 11 skip i flåten. Det reindyrka Olympic Wind-konsernet vil eige tre fartøy, når skipa frå Ulstein er levet i 2024.

– Korleis ser du på moglegheitene for at det blir to skip til?

– Det er difor vi har opsjonar, så får vi vente å sjå, avsluttar Remøy.

Olympic ulstein vindskip signering kontrakt foto ulstein group 11
SIGNERING: Olympic-reiar Stig Remøy (t.v.) saman med verftsdirektør Lars Lühr Olsen i front for representantar frå dei to partane under signeringa. Foto: Ulstein Group

Publisert: 13.07.2022 14:26

Sist oppdatert: 13.07.2022 18:58

Mer om