Aksjesparing er ikkje for alle
SPARING: Det er ikkje lurt å spare i aksjar samtidig som du har dyre forbrukslån, som billån, er eitt av råda frå professor Hans K. Hvide ved institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen. 
Nytt

- Aksjesparing er ikkje for alle

Bankane ivrar etter å få nordmenn til å opne aksjesparekonto. Kvitt deg med forbrukslåna før du kjøper aksjar, seier økonomiprofessor Hans K. Hvide.

27.11.2019

NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve: «Tiden renner ut!» åtvarar DNB kundane sine, illustrert av eit timeglas. Alle som sparer i aksjar og aksjefond, må skunde seg å opne aksjesparekonto, heiter det vidare. Og finansminister Siv Jensen støttar opp om bodskapen:

– Dei som vil nytte seg av den skattefrie ordninga, bør forte seg. Det er ei moglegheit til å unngå skatt no viss ein nyttar seg av det vindauget som er før årsskiftet, sa ho til NRK måndag.

Grunnen til at både finansministeren og bankane stressar kundane litt ekstra ved inngangen til adventstida, er ein frist styresmaktene har sett. Er du blant dei som har tent pengar på aksjefond, kan du flytte pengane over på ein aksjesparekonto (ASK) innan nyttår og sleppe å skatte av gevinsten. Via ASK kan du selje og kjøpe aksjar og aksjefond utan å skatte av gevinsten du får undervegs. Først når du tar ut gevinsten, betaler du skatt av han.

– Ikkje lurt
Bankane seier dei treng tid til å ordne papira før fristen innan nyttår. Derfor stressar dei deg no. Men kanskje kan du ta det heilt med ro?

– Det er ikkje alle det passar for å spare i aksjar. Det er ikkje lurt å spare i aksjar samtidig som du har dyre forbrukslån, som billån, lyder det klare rådet frå professor Hvide ved institutt for økonomi på Universitetet i Bergen.

Han peikar på at nordmenn har veldig høg gjeld. Å setje pengar i aksjefond samtidig som ein har kredittkortgjeld eller billån, samanliknar han med rein spekulasjon. Då bør du vere rimeleg sikker på at du kan «slå aksjemarknaden».

– Sjølv eg som er finansprofessor, har inga tru på at eg skal klare det, seier han.

Dersom du har investert i fond eller aksjar og overhovud ikkje har tenkt å flytte på investeringa, treng du ikkje opne aksjesparekonto. Men du har heller ikkje noko å tape på å gjere det.

Må ha tid
Også pensjonistar bør tenkje seg om.

– Pensjonistar bør ikkje ta så mykje risiko. Dei bør kanskje setje pengane i obligasjonsfond eller renteberande papir i staden, meiner Hvide og viser til at aksjekursen kan søkke brått og barbere sparepengane.

Det generelle rådet er at aksjesparing er for folk med god tid. Då kan ein – viss ein klarer å halde nervane i ro – styre klar av bølgjedalane og ta ut pengane når børsen er på topp.

Dersom du har pengar å setje til side, er ASK heilt fint, seier Hvide. Han rår likevel folk til å sjekke gebyra til bankane og såkalla kurtasje, for nokon bankar tar seg godt betalt for å forvalte sparepengane dine. Som regel er det gratis å opne kontoen, men fonda kostar.

Forbrukarrådets finansportal har laga ei sjekkliste og tilhøyrande kostnadsoversikt.

Forbrukarrådet positiv
Forbrukarrådets direktør Inger Lise Blyverket understrekar at dei ikkje gir råd om kva folk skal gjere med sparepengane sine, og peikar på at det for unge kan vere riktigare å betale ned på bustadlånet enn å til dømes spare til pensjon.

Men Blyverket meiner ASK er ei god ordning for dei som vil spare i aksjar.

– Du får god oversikt over aksjesparinga. Du kan kjøpe og selje aksjar utan å få ein skattesmell. Det er bra, om du ønsker å ha eit aktivt forhold til det, seier ho til NTB.

Ho tilrår dei som er i tvil om ASK er riktig for dei, om å ta kontakt med banken.

To år etter at ordninga med ASK vart lansert, står framleis ein tredel av aksjefondskapitalen utanfor ordninga, ifølgje interesseorganisasjonen Verdipapirfondenes forening. Totalt har nordmenn oppretta 583.000 aksjesparekontoar, og den samla kapitalen er på 101 milliardar kroner.


Det er ikkje lurt å spare i aksjar samtidig som du har dyre forbrukslån

Publisert: 27.11.2019 12:02

Sist oppdatert: 09.10.2021 00:12