Aktiv forretningsbyggar paa Stranda
EIN PERFEKT ARBEIDSDAG: Oscar Almgren har nok å henge fingra i med kring 20 tilsette i sving på det meste. Ein perfekt arbeidsdag for svensken er med ski på føtene, som her i «bakgården» på Stranda. 
Nytt

Aktiv forretningsbyggar på Stranda

– Om det berre var fordi eg vil dra på tur, kunne eg skalert det ned mykje meir, seier Oscar Almgren og humrar. 

Marius Rosbach
03.01.2021

Oscar Almgren innrømmer at han først fatta interesse for jobben som guide, fordi han synest det er kjekt å dra på tur. Framleis har han det slik, men dei siste åra har produktutvikling og forretningsbygging vore den fremste drivkrafta i arbeidet for Uteguiden-sjefen.

– Alle guideselskap vil vise fram aktivitetane dei held på med. Difor kan folk få inntrykk av at vi berre stå på ski heile vinteren, og padlar kajakk på fineversdagar om sommaren. Men det er utruleg mykje anna arbeid som ligg bak, seier han.

Det er på dette tidspunktet i intervjuet at svensken, som har gjort strandar av seg, påpeiker at han kunne gjort ting i langt mindre skala om poenget berre var å kome seg på tur. Han har rett i det. Uteguiden som blei kåra til årets reiselivsbedrift i 2018, består i dag av fleire selskap med avdelingar på Stranda, i Valldal og Ålesund.

  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 (les heile magasinet her) som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

Opna samlingsplass på Stranda
I sommar oppretta Almgren eit holdingselskap og fusjonerte inn Valldal Naturopplevingar. Eit av dei seinaste tilskota i Uteuiden-universet er plassen «Hygge» i Stranda sentrum.

– Dette er ein egoistisk greie og ein type stad eg sjølv har sakna. Det skal vere ein plass der du kan kome og ta ein øl på fredagskvelden, men vi vil gjerne at det skjer noko også. Som her om dagen, då vi hadde quiz, fortel han.

Når gründeren har levert i barnehage, tek han gjerne elsykkelen til sentrumslokalet. Då fungerer det som kontor. Samtidig er det ein stad å samle folk etter tur med Uteguiden. Då kan dei møtast her etter turen, få ein matbit og kanskje sjå bilde frå dagens tur.

– Alternativet kan vere å seie «hadet» på bensinstasjonen her oppe, seier han.

Utvidar med utstyrssal i Ålesund
Siste steg er å utvide aktiviteten i Ålesund. Mantraet til mange i reiselivsbransjen dei siste åra har vore «heilårsturisme». Almgren tenker litt annleis – og siktar seg inn mot lokalmarknaden for få meir å gjere i skuldersesongane.

– Om sommaren frå mai til september er det mykje å gjere. For å ha drift i Ålesund utover resten av året, må vi innrette oss etter lokalmarknaden. No ser vi på noko som er meir i retning av butikk, der vi kan selje utstyr innan dei aktivitetane vi held på med – som ski, sykkel og kajakk, fortel han.

Det er også ein naturleg forlenging av kursverksemda dei allereie har. Dei som deltek på slike kurs, er gjerne også ute etter utstyr – og motsett.

– Vi får allereie masse spørsmål om kva sekk folk bør velje, eller kva type ski vi anbefaler. Målet er jo å ha fleire bein å stå på, slik at vi har meir stabil drift gjennom året. Då kan vi sikre fleire arbeidsplassar, seier han.

Legg vekt på lokal kunnskap
Valet om å satse på sal av utstyr, er ei erkjenning av at høgsesongane, med sommaren som høgdepunktet, truleg vil halde fram med å gi store variasjonar gjennom året. Ein sommar som i år med koronapandemien og knapt ein utanlandsk turist, har gitt ytterlegare erfaring med kor raskt det kan svinge om ein er avhengig av enkeltmarknader.

– Då fellesferien slutta i sommar, var det som å køyre inn i ein vegg, seier Almgren.

En gang i blant tenker Oscar Almgren over om han verkeleg ville gjort det same opp att, om han hadde visst kor mykje arbeid som krevst for å skape ei suksessfull nisjebedrift i reiselivet. Han har sett nokre konkurrentar kome og gå sidan han kom til Norge i 2009.

Almgren har valt å satse på kvalitet. Guidane er ein internasjonal gjeng med brei erfaring. Samtidig vil han gjerne at dei skal ha lokalkunnskapen inne.

– Vi jobbar mykje med å kurse guidane i lokal historie for å kunne toppe turopplevingane. Det er jo viktig at ein ikkje berre blir større, men at ein også blir betre. Å bli stor er i seg sjølv ikkje nokon verdi. Då vil ting berre skli frå kvarandre, trur han.

Betalingsvilje hos nordmenn
Almgren opplever at nordmenn flest er skeptiske til å ha med seg guidar. Vi kan liksom dette med å dra på tur. Samtidig påpeiker han at det å ha med ein guide er mykje meir enn å ha med nokon som kan sørge for at ein kjem opp siste partiet på fjellet Slogen.

– Det at du får noko meir ut av turen og ei betre oppleving med ein guide, er det større forståing for i den utanlandske marknaden, seier han.

Han innser også at guidebransjen kan bli betre til å fortelje kva dei driv på med. Men at det finst betalingsvilje i den norske marknaden har koronasommaren 2019 også vore eit bevis på.

– Nokre kompisar av meg som drev guiding i Lofoten i sommar hadde med seg fire personar på daglege klatreturar, og fekk betalt på nivå med advokatar. Då er naturlegvis toppen tilstrekkeleg «cool» i seg sjølv til at det er verdt turen , seier han.

Bevisst på meirsal
Gründeren meiner den største utfordringa hos mange reiselivsbedrifter ligg i manglande meirsal. Korleis kan ein til dømes få folk som er på skitur, til å bli ein ekstra dag for å padle kajakk? Almgren slår seg gjerne ikkje til ro med at nokon ikkje vil betale for eit produkt. «Kvifor», spør han seg då og meiner det like gjerne kan ligge i korleis aktiviteten blir selt inn.

Noko av det han er mest nøgd med i drifta av Uteguiden, har vore å opne avdelinga i Ålesund. Bakgrunnen var at dei fann ut at Stranda-avdelinga ikkje ga nok business om sommaren. Kajakkturar i Ålesund har vore ein suksess tidlegare år – medan det har vore meir kursverksemd etter korona.

– Det handlar også om å vere synleg. «Alle» veit kor vi er, når eg nemner dei gule kajakkane i Brosundet, fortel han.

– Må køyre parallelle løp
Om koronapandemien held fram med å svekke den tradisjonelle reiselivsmarknaden, trur Almgren på å rette seg meir inn mot norske kundar. Det beste vil då vere å ha aktivitetar som folk ikkje kan gjere på eigenhand utan spesialutstyr.

Klatreturar, Via Ferrata-ruter og zip-line er eksempel på vinnar-aktivitetar i den marknaden. I år har Uteguiden hatt god respons på snorkleturar ved Lyngstøylsvatnet, der ein kan dykke mellom overfløymde bygningar.

– Vi må køyre parallelle løp om dagen, ved at vi både har kontakt med våre internasjonale kundar og samtidig tenker litt alternativt, fortel han.

Almgren har likevel trua på at den utanlandske marknaden vil ta seg opp så snart det er trygt i høve smittesituasjonen. Delar av den asiatiske marknaden trur Almgren vil bruke lengre tid på å ta seg skikkeleg opp.

– Den norske marknaden har iallfall vist seg å vere veldig bra for serveringsbedrifter. Restaurantane i Ålesund fortel at dei har hatt tidenes beste sommar, legg han til.

Favorittarbeidsdagen
Om Almgren sjølv skal velje favorittarbeidsdagen, blir det ein vinterdag på ski, gjerne off-piste-guiding på Strandafjellet. Men veret og føre kan vere lunefulle partnarar, og er i stand til å snu om turplanar på få timar.

– Målsettinga vår no er å ha nok arbeid til at fleire guidar kan ha dette som heilårsjobb. Eg trur ikkje potensialet er tatt ut enno, seier han.

Almgren er oppvaksen i Stockholm, men har busett seg på Stranda med familie og barn. Han er ikkje i tvil om at det er her han vil bli.

– Nokre ting kjennest langt unna når ein bur på ein slik plass. Men det er andre ting som fjellet og naturen som er nære, påpeikar han.

Les også: Almgren ventar rekordvinter

Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter

Enorm interesse for skredkurs på nett

Uteguiden traff blink i Ålesund

Fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:

Startar investeringsselskap i Måløy

Eit todelt næringsliv i koronaåret

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

Nye tider i familiebedrifta Flakk

Bøker og business

Optimistane tok ikkje koronapause

Heime på bortebane

Arveleg belasta hotellvert

Det handlar om å bygge ei øy

Industrigjenreisaren i Sykkylven

Bærmisjonæren på Moa

Frontfiguren på Stad

Hofseth er sterk i trua

Løftet jordbærplukkerne frem i lyset

Fyrverkeriet som skal fronte Pir

Bærekraftig søskenflokk på Vartdal

Det er jo viktig at ein ikkje berre blir større, men at ein også blir betre 

Publisert: 03.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 02.06.2021 16:24