Alle fekk nye jobbar etter nedlegging
Tussa veks med nytt kontor og fleire tilsette.
Førre veke opna Tussa IKT nytt kontor på Åndalsnes i Rauma. Opninga blei markert med eit frokostmøte for næringslivet der det vart servert tips om Microsoft 365 og Teams, og informasjon om trendar og produkt i it-marknaden.
Kontoret betyr ei utviding av satsinga på it-tenester, men også ei geografisk utviding for konsernet med hovudbase i Ørsta.
Les også
Fekk nye jobbar i Tussa
Dei tilsette på kontoret jobba tidlegare i EMP Secure, som i haust bestemte seg for å legge ned avdelingskontoret same stad.
No har dei fem medarbeidarar fått vidare arbeid i Tussa, noko som gir selskapet eit godt utgangspunkt for satsinga på Åndalsnes, ifølgje ei pressemelding.
Tussa har i dag kontor i Ørsta, Ålesund, Fosnavåg og Stryn, slik at Åndalsnes-kontoret vert femte plassen Tussa er på plass.
- Dialog med mange potensielle kundar
Det nye kontoret ligg i Havnegata 3 og er oppgradert av lokale handverkarar dei siste vekene. Tussa IKT-sjef Ivar Driveklepp fortel at det er fleire fordelar med etableringa i den vesle Romsdals-byen.
- Rauma Energi har bygd ut eit godt fibernett i området og dette gir oss eit flott utgangspunkt for å levere stabile og trygge IT- tenester. Vi er no i dialog med mange potensielle kundar på Åndalsnes og det er stor interesse for tenestene vi tilbyr, uttaler han i meldinga.
Tussa har opplyst at dei fekk god vekst innanfor it-tenester i 2022. Omsetninga har auka og det er tilsett ein rekke nye folk i løpet av året. Veksten er knytt til både it-avtalar, konsulenttenester og handelsvare.
Vi er no i dialog med mange potensielle kundar på Åndalsnes
Publisert: 13.02.2023 09:48
Sist oppdatert: 13.02.2023 10:00