Alle i arbeid
AVTALESIGNERING: Frå venstre: Anders Mattias Jonsson, Cato Aurstad (K.A. Aurstad), Alf Kristian Karlsen og assisterande prosjektleiar  Arne Ola Stavseng i Statens Vegvesen signerer 89-millionars kontrakt på utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda.
Nytt

Alle i arbeid

K.A. Aurstad har både arbeidsstokken og maskinparken i fullt arbeid.

02.07.2018
Saman med BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS skal entreprenørselskapet K.A. Aurstad utbetre Rotsethorntunnelen i Volda.
Kontrakten er på 89 millionar kroner og er omlag likeleg fordelt mellom dei tre selskapa, i følgje administrerande direktør Jo Stian Tverberg i K.A. Aurstad.
Han seier utbetringsoppdraget er eit mellomstort oppdrag for selskapet.

Arbeid inn i 2019

Arbeidet med tunnelen skal vere ferdig i juni neste år og er av kontraktene som sikrar at entreprenørselskapet har ordrebok som sikrar aktivitet godt inn i 2019.
Tverberg seier det er ei rekkje tunneloppdrag - både nybygg og utbetringar - å konkurrere om framover.
K.A. Aurstad i Ørsta var den einaste aktøren frå Nordvestlandet som var med og konkurrerte om å få bygge Nordøyvegen, men nådde ikkje til topps i anbodskonkurransen.

Vegen skal knyte øyane i Haram saman med fastlandet. Medan forventningane var ein kostnad på mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner er prisen frå anbodsvinnaren Skanska på tre milliardar kroner. Om vegen blir bygd er ikkje avgjort.

Publisert: 02.07.2018 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23