Karlsberg Latvia Odd Erik Marø foto Marius 22
LATVIA: 11. september-angrepet i USA i 2001 førte til at Karlsberg etablerte seg i latviske Saldus i 2002. Dagens eigar Odd Erik Marø er ikkje i tvil om at det var rett.
Nytt

Flytta familiebedrifta til utlandet

Ei krise førte til at Ålesund-selskapet enda opp i Latvia. I dag er bransjen nær utradert i Norge.

29.12.2023

Det som i dag er blitt eit lite konsern på den latviske landsbygda, starta i ein kjellar i Ålesund på midten av 1950-talet.

Det var Karl Marø, faren til dagens eigar, Odd Erik Marø, som stifta selskapet Karlsberg. I starten laga dei tobakkspungar og stellebord.

– Det heldt han på med til plastbølgja kom for alvor utover 1960-talet, seier Marø om oppstarten.

Plast var i mange år hovudmaterialet for bransjen. Dei siste åra har overgangen frå nettopp plast til meir miljøvennlege produkt, vore ein sterk drivar for utviklinga.

100 ulike maskinar i produksjonen
Ålesundaren viser NETT NO rundt i produksjonslokala som husar kring 100 ulike maskinar med stort og smått. Graden av automasjon er stor, og den siste investeringa kan gjere opptil 8000 operasjonar i timen.

Han viser fram eit lite firkanta etui som i hovudsak er laga av papp. Den brukte dei eitt år på å utvikle for eit svensk kosmetikkselskap, som la om frå Kina-produserte plastprodukt til pappemballasje.

– Den er laga med lim som ikkje er animalsk, og er vegansk, resirkulerbar og like rimeleg som løysinga frå Kina. Også er den mykje meir i takt med kva kundane forventar, seier Marø.

Karlsberg Latvia 2
BEREKRAFT KRAFTIG DRIVER: Det er ei kraftig dreiing i emballasjebransjen mot meir resirkulerbare produkt. Denne løysinga nytta Karlsberg eit år på å utvikle på oppdrag for eit stort svensk kosmetikkselskap.

11. september-angrepet utløyste flytting
Historia til Karlsberg-selskapet er i svært korte trekk, at faren til Odd Erik Marø, starta produksjon av plastprodukt tidleg på 1960-talet, opna eigen fabrikk i 1972, som seinare blei utvida – før heile produksjonen brått blei flytta til Latvia i 2002.

Krisa som oppstod var 11. september-angrepet i USA, som førte til at veksten til ein stor og viktig kunde fall i grus.

– Vi hadde lagt vekstplanar basert på den ekspansjonen. Også kollapsa alt saman, fortel Marø.

Hjelp frå andre norskeigde bedrifter
I løpet av nokre hektiske månader vart det bestemt at produksjonen på Sunnmøre, som då gjekk føre seg fleire plassar, skulle avviklast og at Saldus i Latvia var rette plassen å drive verksemda vidare.

– Etter at vi kom i kontakt med Ivar Gaustad vart det ganske kjapt klart at Saldus var rette plassen for oss. Det var allereie ein del norskeigde bedrifter her, og dei kunne mellom anna hjelpe oss med å få etablert vårt latviske selskap, fortel Marø.

Karlsberg Latvia 1
SEKS SELSKAP: Karlsberg har vekse til fire latviske og to norske selskap. Daiva Stone Kazakevica er dagleg leiar for konsernet, medan Odd Erik Marø handterer marknadsføring og sal.

Har kring 60 personar i arbeid
I dag består Karlsberg-konsernet av seks selskap; fire i Latvia og to norskregistrerte. Til saman har dei nær 60 personar i arbeid .

Verksemda spenner frå eksklusiv emballasje for kosmetikk og tekstilprøver for møbelbransjen, via produksjon av store banner, til webutvikling og ein nettbutikk for skilt – og ikkje minst butikkstudio.

Å style butikkar har vore eit vekstområde for konsernet dei siste åra. Framover ser Marø føre seg at dei skal vekse meir på emballasjeprodukt.

Karlsberg Latvia 3
MEIR UTFORDRANDE Å SKAFFE ARBEIDSKRAFT: Mykje av produksjonen i Karlsberg er automatisert, men ein god del gjerast også manuelt. Det er meir utfordrande enn før å skaffe kvalifisert arbeidskraft til ein maskinpark som er blitt svært avansert dei siste åra.

Låge lønner og god plassering
Karlsberg-sjefen legg ikkje skjul på at låge lønner var mellom fordelane med å etablere seg i Latvia. Men i dag opplever han at deira største utfordring er å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Geografisk plassering er óg ein avgjerande fordel med Saldus sentralt plassert i det baltiske landet.

– Her er vi ein time unna ein regionhovudstad som Riga. Der finn vi mange av leverandørane som vi tidlegare måtte til Oslo for å møte. Også er vi nær Tyskland og Vest-Europa, som også passar oss bra, seier Marø.

Karlsberg Latvia 5
STERK E BAND TIL NORGE: Sjølv om bedrifta til Odd Erik Marø held til på den latviske landsbygda, har dei sterke band til Norge. Ekornes i Sykkylven er mellom deira største kundar

Er med kunden ut i verda
Bedrifta har framleis sterke band til Nordvestlandet. Heile veggen bak Marø er dekka av eit stort bilde frå Sykkylven med Ekornes-fabrikken sentralt plassert.

Møbelprodusenten er ein stor kunde og nyttar Karlsberg som ein «one-stop-shop», ved at dei får alt frå lekkert innpakka tekstilprøver, til ferdig styla butikkar.

– Vi er med kunden ut der deira kundar er, fortel Marø om verksemda.

Det betyr at når kundane til Karlsberg skal vise seg fram i Tokyo, eller London, så må dei levere dit.

Europa – utan Skandinavia - er den største marknaden med USA og Canada på ein god andreplass. Skandinavia utgjer kring 15 prosent av marknaden og Asia (Thailand og Japan) står for fem prosent av omsetninga. Dei har også kundar i Australia, Brasil og Vest-Afrika.

Overskotet blir ikkje skatta, så lenge det står i bedrifta
Odd Erik Marø
Karlsberg Odd Erik Marø Latvia Foto Marius 11
VIDT SPEKTER: Karlsberg har eit vidt spekter av emballasjeprodukter - i tillegg til produksjon av store banner, webutvikling, ein nettbutikk for skilt – og ikkje minst butikkstudio.

Bransjen utradert i Norge
Ålesundaren er ikkje i tvil om at avgjerda med å flytte utanlands var rett. Han minnast han var på eit bransjemøte for selskap som dreiv med plastsveis på 1980-talet. Då bestod dei av i underkant av 30 bedrifter.

– Eg trur knapt nokon av dei føretaka er aktive i dag, og heile bransjen blei eigentleg utradert, seier han – og legg til at vilkåra ikkje er «spesielt gode» for deira type produksjonsbedrifter i Norge.

Marø ser fleire fordelar med det latviske skattesystemet. Ein ting er at formuesskatt er eit framandord, men det er heller ikkje skatt på overskot – om ein held pengane i bedrifta.

– Skatteregime er veldig næringsvennleg og overskotet blir ikkje skatta, så lenge det står i bedrifta. Vi har tent ganske gode pengar dei siste åra, men har valt å reinvestere dei pengane i bedrifta, seier han.

Les meir om sunnmørske selskap i Baltikum:

Publisert: 29.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.12.2023 11:06

Mer om