Fusjonen som gjorde at Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn i Sparebank 1 SMN, får grundig dekning i den nye boka om lokalbanken.
I «Banken vår» som er skrive av journalist Svein Aam, er både sjølve fusjonen – og motstanden mot den – via eigne kapittel.
– Når banken går til eit så stort steg som å fusjonere, så må den prosessen omhandlast grundig, understreka Aam då boka blei lansert torsdag.
– Unødvendig dårleg klima
Jan Endre Vartdal og familien var den største eigaren av eigenkapitalbevis på tidspunktet. Han fortel i boka om misnøye kring korleis bankleiinga gjekk fram.
– Det var unødvendig dårleg klima fordi alle formar for spørsmål vart klubba ned av leiinga i banken, utan gode svar, seier han til forfattaren.
Vartdal meiner at til eksempel at tidlegare banksjef Harald Indresøvde hadde ei «legitim tilnærming» i sin kritikk, men at måten den blei møtt på skapte mistenksamheit.
– Eg synest personleg at det var for lite diskusjon om prosessen. Vi hadde døme på at dei som var negative til fusjonen, fekk høyre at dei var bakstreverske og gammaldagse, seier Vartdal i boka.

Blei annleis enn førespegla
Vartdal påpeiker til Nett No at han var tilhengar av sjølve fusjonen – og meiner den var rett. Samtidig er han framleis kritisk til framgangsmåten.
– Dei sakene folk stilte spørsmål ved, er det som er blitt annleis enn det blei førespegla, seier han til Nett No.
Då fusjonen blei gjort var planen at den nye divisjonen Sunnmøre og Fjordane skulle bli leia frå Volda – saman med avdelinga for formuesforvalting.
I ettertid er den nye bankdivisjonen fjerna og forvaltingsmiljøet flytta til Trondheim.
– Banken står seg godt i dag
– Det hadde vore betre at banken hadde vore meir opne. Eg trur dei hadde vore meir tent med å seie med ein gong at leiinga i regionen skal vere i Ålesund, og at forvalting skal vere der det alt var folk og kompetanse på desse områda, seier Vartdal.
– Det er slik det er blitt, held han fram – og påpeiker at det har vore til det beste etter hans meining.
– Brikkene har falle på plass og banken står seg godt i dag, legg Vartdal til.

Solid vekst i bemanninga
I boka til Svein Aam kommenterer tidlegare banksjef Stig Brautaset kritikken, og seier han kan forstå at det blei stilt spørsmål ved prosessen. Han opplevde likevel at den var god innafor tidsramma bankane hadde bestemt.
– Det vart nok ein del meir styr enn eg hadde sett føre meg, sa Brautaset i samband med boklanseringa torsdag.
Då påpeika han samtidig at banken sidan fusjonen i 2023 har vekse frå 57-58 årsverk, til nær 80 i dag.
– På det tidspunktet stod vi i eit press om å redusere bemanninga, la Brautaset til.
Trur fleire ser verdien av sparebankstifting
Den tidlegare banksjefen meiner motstandarane av fusjonen den gong ikkje tok innover seg betydninga av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
I dag forvaltar stiftinga nær tre milliardar kroner og delar ut kring 50 millionar kroner årleg til gode formål i dei sju kommunane i regionen. Tidlegare utdelingar frå banken til slike formål har vore på 10-15 millionar årleg.
– Det er ein meirverdi og ekstra gåver som vi har fått som følgje av fusjonen. Det trur eg stadig fleire ser no, la Brautaset til.
Publisert: 01.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 01.12.2025 07:35






