Analytikar etterlyser gjeldskutt
GJELD: SolstadFarstad-sjef Lars Peder Solstad har framleis stor gjeld å slite med. Om bankane hadde redusert på gjelda til offshoreselskapa ville det mellom anna blitt lettare å tiltrekke seg ny eigenkapital for bransjen, meiner analytikar.
Nytt

Analytikar etterlyser gjeldskutt

Aksjekursen i Solstad Farstad har falle over 47 prosent sidan fusjonen var på plass. På tide at bankane kuttar gjeld i offshoreselskap? spør analytikar. 

21.09.2017
Er ikkje tida inne for at bankane kuttar gjelda i offshorereiaralaga, spurde finansanalytikar Synnøve Gjønnes i Pareto på Sysla-konferansen i Ålesund i går.
Ho viste mellom anna til situasjonen for SolstadFarstad som har 31 milliardar kroner i gjeld, og berre er verdsett til to milliardar kroner på børsen.
Gjønnes presiserte at bankane nødvendigvis ikkje treng å ta tap, men eventuelt kan gjere om gjeld til eigenkapital for å få gjeldsgrada i selskapa ned.

Bedre alternativ

Om alternativet er å selge ut bankgjeld til redusert pris er det vel betre å heller redusere gjelda i selskapet og lette situasjonen hos dei i staden, spurde Gjønnes.
Ein slik reduksjon vil mellom anna gjere det lettare for selskapa å tiltrekke seg ny eigenkapital, meiner ho.
DNBs Kristin Holth, som mellom anna har anvaret for utlån til offshorereiarlaga, svara at behandlinga av ulike lån varierer frå selskap til selskap.

Får færre skip

Gjønnes var invitert til konferansen mellom anna for å gi si vurdering av tilbudet av offshoreskip i marknaden.
Ho meiner så mange som to tredjepartar av alle offshoreskip som i dag ligg i kaldt opplag rundt om i verda neppe vil kome attende i marknaden. Ved kaldt opplag er det minimalt ved vedlikehald og aktivitet på skipa, til skilnad frå varmt opplag - der dei er klare for å bli sett i arbeid på kort varsel.
Alder på skipa og kor lenge skipa har ligge i opplag vil vere viktige faktorar som avgjer om skip blir sett i arbeid igjen, slik Gjønnes ser det.
Dess lenger tid eit skip ligg stille dess meir kostar det å gjere det i stand til arbeid igjen. Må skipet gjennom ei klassing, ein kontroll som klassifiseringselskap som DNV GL står for, blir terskelen for å ta skipa i bruk igjen enda høgare.

Publisert: 21.09.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14