(NPK-NTB-Tarjei Mo Batalden): Næringskomiteen på Stortinget har snudd opp ned på forslaget om turistskatt. I staden går dei inn for skatt for cruiseturistar.
Den foreslåtte turistskatten til regjeringa vart vraka då næringskomiteen diskuterte saka tysdag. Dei gjekk i staden inn for ein skatt på cruiseturistar, slik regjeringa først ikkje ville gjere no, men som dei seinare tok med i det reviderte forslaget sitt.
Fram til i helga nekta Arbeidarpartiet å innføre skatten på cruiseturistane, men snudde etter sterk kritikk og ei rekke innspel. Dei ønskte likevel framleis å ha skatt på overnattingsgjester og hotellopphald. Det ønskte ikkje Stortinget.
– Det opphavlege forslaget til regjeringa var i realiteten ein rein hotellskatt, noko Høgre er skeptisk til. Vi noterer oss at regjeringa no snakkar varmt om ei cruiseavgift som dei for få veker sidan sa var umogleg å få på plass, sa Nikolai Astrup i Høgre til NTB før komitémøtet.
Astrup kallar besøksbidrag for cruiseturistar ein «god stad å starte».
Bra for alle, meiner Venstre
– Vi er strålande fornøgde med at Stortinget no har snudd 180 grader opp ned på forslaget frå regjeringa. Vi har fått vekk hotellskatten og fått inn skatt på cruise, seier næringspolitisk talsperson Alfred Bjørlo i Venstre.
Bjørlo kallar vedtaket ein milepæl.
– Det er bra for miljøet og bra for næringsliv og hotellnæring på land som ikkje får ein blodig urettferdig skatt som cruisenæringa slepper, seier Bjørlo.
Framstegspartiet einaste mot
Frp var det einaste partiet som gjekk imot forslaget om cruiseturist-skatt.
– Politisk venstrehandsarbeid, meiner Bengt Rune Strifeldt, næringspolitisk talsperson i Framstegspartiet.
Strifeldt meiner komiteen heller burde sendt heile forslaget tilbake til regjeringa.
Næringskomiteen kom med innstillinga si i saka tysdag, og ho skal opp i plenumsbehandling i Stortinget neste veke.
Publisert: 27.05.2025 13:30
Sist oppdatert: 27.05.2025 15:22






