Brunstad ovstegard boe foto Ogne
BLI AVVIST: Olaug Strand Brunstad (t.v.) som er hovudeigar i Brunstad er med på søksmålet til Lars Oscar Øvstegård (midten) mot staten. Det er også eigarane til Spilka-sjef Terje Bøe (t.h.). Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tingretten avviser søksmål om formuesskatt

Formuesskatten er eit politisk spørsmål, meiner retten. Men saksøkjarane gir seg ikkje.

Sunnmøre tingrett avviser søksmålet om formuesskatten frå Lars Oscar Øvstegård og fleire andre bedriftseigarar på Sunnmøre. Det kjem fram i ei kjennelse frå tingretten onsdag. 

Saksøkarane vil ha erstatning eller tilbakebetalt beløp dei meiner å ha betalt for mykje i skatt. Vidare meiner dei at formuesskatten er i strid med både grunnlova og menneskerettane. 

Finansdepartementet sine advokatar meiner saka bør avvisast. Dei viser til skattelovgivinga og at fristen for å ta ut søksmål er gått ut for lenge sidan. 

Avgjerda kan ankast.

Eit politisk spørsmål
Øvstegård & Co har ikkje greidd å overtyde retten om at formuesskatten har noko i rettsalen å gjere.

«For retten er det uklart hva saksøkerne anfører er grunnlovsstridig med formuesskatten. Saksøkerne erkjenner at spørsmålet om Norge skal ha formuesskatt eller ikke, er et politisk spørsmål, og at det er opp til Stortinget å beslutte om Norge skal ha formuesskatt, og i så fall i hvilken form.»

I dommen står det at det er uklart for retten om saksøkarane meiner formussskattesatsen er for høg, om måten grunnlaget for formuesskatt blir fastsett på er feil - eller om det er ein føresetnad for å ilegge formuesskatt at skatteytar har tilgjenglege midlar å betale med. 

I grunngjevinga for dommen gjentek dommarane at formuesskatt eller ikkje, er eit politisk spørsmål.

«Det er klart, og heller ikke omtvistet, at spørsmålet om Norge skal ha formuesskatt, ikke er et rettslig spørsmål som avgjøres av dømmende myndighet, men et politisk spørsmål som avgjøres av de folkevalgte.»

– Har ikkje tenkt til å gi meg
Lars Oscar Øvstegård framstod ikkje som noko slagen mann etter avgjerda blei kjent.

– Vi var budd på det skulle bli slik, men eg har ikkje tenkt til å gi meg. Dette er ikkje eit demokrati eller rettsstat verdig, og eg ser ingen grunn til at vi skal bøye oss for makta. Dette gir meg endå større grunn til å kjempe for rettferd for norskeigd næringsliv, seier han Nett No. 

På det tidspunktet hadde Øvstegård ikkje fått lest dommen. 

Ørstingen fortel at han vil lese den saman med advokaten og kome tilbake med fleire kommentarar - og spørsmålet om ei anke.

Peiker på alternativ framgangsmåte
Sjølv om søksmålet blir avvist i denne omgang, har saksøkjarane framleis høve til å prøve det retten omtaler som sakas «materielle spørsmål». Men det må gjerast med utgangspunkt i ei konkret skattemelding, der formuesskatten blir bestridd. 

Eit påfølgjande vedtak frå skattestyresmaktene i ei slik sak, kan etterpå utfordrast rettsleg.

«Det kan fremstå firkantet og rigid at systemet er slik at saksøkerne først må endre skattegrunnlaget, deretter få et vedtak som de kan bringe inn for domstolene, men det er nå engang bestemt av lovgiver at systemet er slik.»

Publisert: 24.09.2025 14:08

Sist oppdatert: 25.09.2025 23:42

Mer om