Trygve Slagsvold Vedum Sp foto Paula
NØGD LIKEVE: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er fornøgd med at Arbeidarpartiet kom med ei ny avklaring om studielån onsdag. Foto: Paula Zwolenski
Nytt

Ap med avklaring om studielån - Vedum fornøgd

Forvirring etter NRK-program. Partia likevel samde.

22.10.2025

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Ole Henrik Tveten): Ordninga for sletting av studiegjeld i distrikta gjeld også for fagutdanning og vidaregåande skule, presiserer Arbeidarpartiet.

– Vi seier ordninga skal gjeld alle typar utdanningsgjeld frå Lånekassen. Gjeldssletting skal knytast til avlagd eksamen eller fullførte studium. Dette for å unngå ein situasjon der ein kan melde seg opp til fag og studiar for å få lån, og deretter få sletta utdanningsgjeld utan at ein har gjennomført studia, seier Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Tuva Moflag i ein e-post til NTB.

Det betyr at gjeld frå yrkesfag og vidaregåande skule er inkludert.

Tysdag snudde Arbeidarpartiet etter nesten ei veke med bråk rundt forslaget deira til statsbudsjett, der det opphavleg var foreslått kutt i ordninga med sletting av studiegjeld i distrikta og gratis ferje.

Arbeidarpartiet forsikra på ein pressekonferanse at ordningane skulle halde fram slik dei eigentleg var planlagt.

Forvirring i Debatten
Men då Aps finanspolitiske Tuva Moflag og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møttest i Debatten på NRK tysdag kveld, vart det usemje om ordninga for studiegjeld også skulle omfatte folk som får lån til vidaregåande utdanning og til fagutdanning.

Det vil ho gjere, presiserer no Moflag.

Vedum rasa først mot signala han fekk frå Moflag i Debatten, men seier no at han er fornøgd med avklaringa.

– Poenget er jo at dei som fullfører utdanning som vi treng i arbeid – anten det er yrkesfag, vidaregåande opplæring eller akademisk – skal omfattast av ordninga. Og det må berre presiserast, for det var ikkje det som vart sagt i går. For då sa ein studiepoeng, seier Vedum.

– Så då var dette først og fremst ei misforståing då, kanskje?

– Ja, eller kanskje ikkje at Arbeidarpartiet hadde tenkt på det, trur eg. Politisk så vil eg tru at vi er samde, og då må det berre ryddast opp i det, seier Vedum.

Open for forhandlingar
Senterpartiet har vore sterkt kritiske til at regjeringa ville kutte i ordninga med sletting av studiegjeld i distrikta og fjerning av gratis ferje.

Etter at regjeringa snudde, er partiet klar for forhandlingar.

Men Vedum understrekar at dei vil sjå det nye vedtaket skriftleg for å unngå fleire misforståingar.

– Inntrykket mitt er at Arbeidarpartiet meiner det same som oss, men dei sa noko anna i går. Det var derfor eg reagerte så kraftig. For eg kunne ikkje forstå at Arbeidarpartiet skulle vere imot at til dømes ei vaksen dame som tek utdanning for å bli helsefagarbeidar og tek lån for det, ikkje skulle omfattast.

(©NPK)

Publisert: 22.10.2025 11:08

Sist oppdatert: 22.10.2025 11:08

Mer om